Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om å sikre at fylkesmennene bidreg til å nå jordvernmålet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om kva statsråden vil gjere for å sikre at fylkesmennene i større grad bidreg til å nå jordvernmålet.

Skriftleg svar på spm nr 17 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad - Om kva statsråden vil gjere for å sikre at fylkesmennene i større grad bidreg til å nå jordvernmålet

Eg viser til spørsmål nr. 17 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Spørsmålet er reist i brev av 06.10.2017 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad. Spørsmålet og grunngjevinga er som følgjer:

"Kva vil statsråden gjera for å sikra at fylkesmennene i større qrad bidreg til at Stortinget sitt jordvernmål vert nådd?

Grunngjeving:
Utviklinga i nedbygging av matjord går ikkje rett veg. Stortinqet har retta kritikk mot regjeringa si manglande oppfylgjing av jordvernsstrategien og målet i denne.
I ei jordvernsak frå Bergen kommune om nedbygging av store areal med matjord i Blomsterdalen har ikkje Fylkesmannen fremja motsegn. Det er vanskeleq å sjå korleis det skal vera rom for slike store nedbyggingar innafor dei måIa Stortinget har sett for jordvern."

Jordvernstrategien blei handsama i Stortinget i desember 2015. Eg orientera kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene raskt om Stortingets mål og regjeringa sin jordvernstrategi gjennom eit eige brev den 8. mars 2016. Eg understreka der den viktige rolla fylkesmennene har som rettleiarar overfor kommunane i plansaker. Som eit ledd i styringsdialogen med fylkesmennene har Landbruks- og matdepartementet annakvart år eit styringsmøte med kvar enkelt fylkesmann, der forventningar og nasjonale interesser blir drøfta.

Fylkesmennene bidrar i stor grad til å nå målet som Stortinget har fastsett. Dette gjer dei mellom anna ved at dei i dialog med kommunane og på oppdrag frå departementet bidrar til å auke kunnskapen om plan- og bygningsloven sine verktøy for å redusere nedbygging av dyrka jord. I 2016 ga dei tilbod til alle kommunane om opplæring av nye lokalpolitikarar om jordvern og planlegging. Eg har også bedt fylkesmennene i Rogaland og Hordaland og i Sør- og Nord-Trøndelag om å arrangere regionale jordvernkonferansar i løpet av dette året. I tillegg deltek 12 fylkesmenn i eit prosjekt om samordning av motsegn, eit arbeid som no skal evaluerast. Eg meiner på denne bakgrunn at vi fylgjer opp jordvernstrategien.

Det er meir merksemd knytt til verdien av jord no og vi ser stadig fleire kommunar som tek dette på alvor. Dette gir resultat og omdisponeringa er no på noko av det lågaste nivå på 30 år. KOSTRA-rapporteringa viser at omdisponeringa av dyrka jord gikk ned med omlag 5 % frå 2015 til 2016 (frå 6 341 til 6 026 dekar).

Når det gjeld jordvernsaka frå Bergen, som det blir vist til, har ikkje fylkesmannen handsama saka ferdig ennå. Eg kan derfor ikkje kommentere denne konkrete saka.

Med helsing

Jon Georg Dale