Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om auka strømprisar som vil gje norske bønder ekstra utgifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik (Sp) om aukta straumprisar som vil gje norske bønder ekstra utgifter på mellom 500 og 750 mill. kr.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 2948 frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik

Eg viser til brev av 6. september 2021 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik:

"I følge Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil aukte straumprisar gje norske bønder ekstra utgifter på mellom 500 og 750 mill. kr. Fleire tomatprodusentar oppgjev at dei vurderer å leggje ned verksemda fordi det ikkje er lønnsemd i drifta med dagens straumprisar, og andre seier at dei må gå tilbake til fossil energi til t.d. korntørkarar når effekttariffane kjem. Bønder som har fulgt oppfordringa om å gå over til el for å kutte utslepp er no hardast råka – kvifor vil ikkje statsråden hjelpe dei?"

Den 12. august blei det klart at staten og jordbrukets organisasjonar starta tilleggs­forhandlingar jf. § 2-4 i Hovudavtalen for jordbruket. I møte 20. august protokollerte partane:

"Partene viser til at det både i krav, tilbud og proposisjonen om jordbruksoppgjøret er understreket at det er stor usikkerhet om utviklingen til 2022 på flere poster, både på inntekts- og kostnadssiden. Det har skjedd en vesentlig prisøkning på elektrisk kraft i løpet av sommeren 2021. Det er normalt at kraftprisene varierer vesentlig, og det er for tidlig å fastslå hvilken kostnadsendring som vil bli resultatet for perioden t.o.m. 2022. 

Partene skal se spesifikt på hvor store kostnadsøkningene på kraft ble fra 2020 til 2021 og ta stilling til hvordan dette skal håndteres, normalt som en del av jordbruksoppgjøret i 2022."

Partane er derfor einige om at ein ikkje skal handsame auka straumprisar i desse tilleggs­forhandlingane, men at ein i jordbruksoppgjeret 2022 vil gjere ei samla vurdering av alle endringar i inntekter og kostnadar i jordbruket.

Med helsing

Olaug Vervik Bollestad