Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om brudd på dyrevernloven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Iselin Nybø (V) om brudd på dyrevernloven.

Stortingsrepresentant Iselin Nybø har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

"Mener statsråden at dagens regelverk og virkemiddelapparat er tilstrekkelig for å hindre at folk som gjentatte ganger får reaksjoner mot seg som følge av brudd på dyrevernloven, får fortsette med et utilfredsstillende dyrehold?"

Svar:

Då den nye dyrevelferdslova kom i 2010, fekk Mattilsynet nye og til dels omfattande verkemiddel som dei kan bruke når det ligg føre brot på lova eller føresegner gjevne i medhald av lova. Det mildaste verkemiddelet som Mattilsynet nyttar ved små avvik, er påpeiking av plikt til å etterleve regelverket. Ved meir alvorlege avvik kan Mattilsynet fatte vedtak med pålegg om å endre forhold som er i strid med regelverket.

Viss pålegg ikkje vert etterlevd, har Mattilsynet fleire mogelegheiter, avhengig av kor viktig det er å få retta på forholda. Mattilsynet kan gje tvangsmulkt, ta dyr i midlertidig forvaring, avvikle dyrehald, legge ned forbod mot aktivitet, gje gebyr for brot på lova og melde brot til politiet.

Etter den tidlegare lova kunne til dømes dyreeigar berre få forbod mot aktivitet dersom det var nedlagt påstand om dette gjennom straffesak. No kan Mattilsynet gi forbod mot å eige, ha eller stelle dyr eller drive annan aktivitet med dyr gjennom forvaltningsvedtak.

Samla sett meiner eg at regelverket og dei verkemidla som Mattilsynet no har til rådighet etter dyrevelferdslova, gir tilsynet ei god og tilstrekkeleg "verktøykasse" i arbeidet med saker som gjeld dyrevelferd. 

Det kan likevel vere praktiske utfordringar i oppfølginga av dyrevelferdssaker. Som elles i norsk forvalting, skal ikkje Mattilsynet nytte strengare verkemiddel enn det som er naudsynt. Viss dyreeigar ikkje retter opp avvik, vil Mattilsynet bruke gradvis kraftigare verkemiddel. Som regel vil det ikkje vere grunnlag for å avvikle dyrehald som ein første reaksjon.   

Mattilsynet si erfaring er at pålegg med frist for å rette opp avvik som oftast fører til at dyreeigar klarer å oppfylle lovas krav. Dei fleste greier å halde seg over grensa for det lovlege, mens andre fell tilbake under grensa igjen slik at det over tid blir gitt fleire pålegg, utan at forholda blir varig forbetra. Då kan avvikling av dyrehaldet vere nødvendig. 

Har ein dyreeigar fått forbod mot aktivitet og dyra er overført til ein annen eigar, må Mattilsynet vurdere om overføringa er reell eller om den gamle eigaren fortsatt har innverknad på dyras velferd. Har dyra det fortsatt dårleg, må Mattilsynet opprette sak mot den nye eigaren.

Tidlegare nytta Mattilsynet mykje tid på rettleiing for å prøve å halde dyrehald på den rette sida av regelverket. Eg er oppteken av eit effektivt tilsyn som nyttar naudsynte verkemiddel for å oppnå god dyrevelferd. Mattilsynet legg difor no vekt på å nytte strenge nok tiltak til rett tid. Dei erkjenner likevel at det er lettare å sjå i ettertid at ein kunne ha brukt kraftigare verkemiddel tidlegare.

Eg vil i min dialog med Mattilsynet legge vekt på at tilsynet må arbeide på ein slik måte at vi unngår unødige dyretragedier.

Med helsing                                                                    
Jon Georg Dale