Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om digital rapportering og søknadsordning for reindriftas næringsmelding

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Nancy P. Anti (Sp) det er tilfredsstillande at det etter eit år fortsatt ikkje er tilrettelagt for digital rapportering og søknadsordning for reindrifta si næringsmelding.

Spørsmål frå stortingsrepresentant Nancy P. Anti for skriftleg svar - spørsmål nr. 1203

Eg syner til brev av 21. mars 2018 frå Stortingets president kor spørsmål frå stortingsrepresentant Nancy P. Anti vart sendt over for skriftleg svar. Spørsmålet lyder slik:

"Mener statsråden det er tilfredsstillende at det etter et år fortsatt ikke
er tilrettelagt for digital rapportering og søknadsordning for reindriftas
næringsmeldinger?"

Det er sjølvsagt ikkje tilfredsstillande at reineigarene no ikkje kan levere inn melding om reindrift og søknadar etter tilskots- og erstatningsordningane digitalt.

Som representanten Anti peikar på i brevet, har det vore utfordringar knytt til dei digitale løysingane. Dette vart avdekka våren 2017, kor sensitive opplysingar reint faktisk vart eksponert for andre. Landbruksdirektoratet måtte av den grunn stenge ned systemet.

Feilsøkjing har synt at det er store utfordringar med den grunnleggjande tekniske oppbygginga av systema, og at feilsituasjonane ser ut til å ha ein samansett årsak med bakgrunn i bruk av eldre teknologi og dårleg teknisk arkitektur.

Av den grunn har ein ikkje funne det forsvarleg å opne att dei digitale løysingane for brukerane i næringa. Direktoratet har difor bestemt at alle digitale sluttbrukartenester knytt til melding om reindrift og søknadar om tilskott, mv. vil halda fram med å vere stengt, inntil nye løysingar er utvikla.

Landbruksdirektoratet oppretta hausten 2017 ei prosjektgruppe som skulle vurdere og utgreie nye systemløysingar for reindriftsområdet. Prosjektgruppa har avdekka at noverande systemløysing er omfattande og vil vere svært ressurskrevjande å gjenskape i nye system. Av den grunn arbeider direktoratet no med å finne alternative løysningar for digital søknad for reineigarar.

Som ansvarleg minister for reindrifta er eg oppteken av at det skal vere gode og lett tilgjengelege søknadsløysingar for reineigarane. Eg vil underrette Stortinget på egna måte om framdrifta i arbeidet.

Med helsing

Jon Georg Dale