Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om "dyrevelferdsprogrammet"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) om statsråden meiner det foreslåtte programmet vil sikre tilstrekkeleg god dyrevelferd hos mink i gruppehald.

Svar på spørsmål nr. 1188 frå representanten Sveinung Rotevatn

Eg viser til spørsmål nr. 1188 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn:

"På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har pelsdyrnæringa sjølv nå fremma utkast til "dyrevelferdsprogrammet" som skal tillate fortsatt gruppehald av mink. Meiner statsråden at det føreslåtte programmet vil sikre tilstrekkeleg god dyrevelferd hos mink i gruppehald, slik han har lova at det skal, altså at det sørgjer for betre dyrevelferd enn i dag og tilsvarande grad av dyrevelferd som viss det ikkje skulle ha vore gruppehald?"

Stortinget har bede regjeringa om å utforme eit regelverk som har eit generelt forbod mot gruppehald av mink, men som opnar for gruppehald av mink på gardar som deltek i eit dyrevelferdsprogram og som oppfyller strenge krav til dyrevelferd målt etter dyrevelferdsindikatorar som er objektive og kan etterprøvast. På mi oppmoding har Mattilsynet utarbeida eit forslag til eit slikt regelverk. Det er ikkje rett at dette forslaget er ute til høyring no. Dette vil likevel skje snart, men etter at departementet har gjort ei eiga vurdering av framlegga. Eg ser ikkje bort i frå at eg vil foreslå nokre endringar.

Eg har på bakgrunn av Stortingets behandling også bede næringa ved Norges Bondelag, i samarbeid med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Pelsdyralslag, om å utarbeide eit forslag til dyrevelferdsprogram. Dette vil bli lagt ved høyringa av forslaget til endringar i pelsdyrforskrifta, slik at høyringsinstansane også kan gje innspel som er relevante for godkjenninga av dette. Eg vil ikkje ta stilling til innhaldet i programmet før denne høyringsrunda er avslutta, men også her kan eg signalisere at eg ser behov for justeringar på nokre utvalde områder.

Eg ser føre meg at for å få eit effektivt program må vi både ha klare krav frå start, gode måtar å handtere avvik og eventuelle sanksjonar på, men også ein måte å hauste erfaringar på slik at programmet regelmessig kan oppdaterast og ta opp i seg ny kunnskap som bidreg til betra dyrevelferd.

Med helsing

Jon Georg Dale