Svar på skriftleg spørsmål om Dyrevernmeldinga frå 2003

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG) om Dyrevernmeldinga frå 2003.

Stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG) har stilt følgjande spørsmål:

"Denne uken brakte NRK nye avsløringer om uakseptable forhold i pelsdyrnæringen. Tall fra Mattilsynet viser at de finner regelbrudd i halvparten av tilsynssakene. Dyrevernmeldingen fra 2003 ga næringen ti års frist på å skape en pelsdyrnæring med akseptabel dyrevelferd. Dette målet er ikke nådd, noe som understreker at pelsdyroppdrett er uforenlig med god dyrevelferd. Er statsråden enig i at ambisjonene for dyrevelferd i Dyrevernmeldingen fra 2003 ikke er oppfylt og trolig ikke kan oppfylles?"

Svar:

Regjeringa har varsla ei melding til Stortinget om pelsdyrnæringa i løpet av hausten 2016. Meldinga vil bli lagt fram som planlagt. Problemstillingane representanten tek opp vil bli omtalt i meldinga. Eg ber på denne bakgrunn om forståing for at eg ikkje vil gå nærare inn på desse spørsmåla no.

 

Med helsing                                                                    

Jon Georg Dale