Svar på skriftleg spørsmål om einhetleg og kunnskapsbasert praksis frå Mattilsynet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ruth Grung (A) om einhetleg og kunnskapsbasert praksis frå Mattilsynet.

Svar på skriftlig spørsmål nr. 404 frå representanten Ruth Grung
Stortingsrepresentant Ruth Grung har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

"Mange aktører innen havbruk opplever at mattilsynet praktiserer regelverket svært ulikt. Ulik forståelse kan ha store økonomiske og driftsmessige konsekvenser for næringsaktørene, enten direkte eIler indirekte ved at de blir eksponert for lus elIer annen uheldig påvirkning fra naboanlegg. Det vises også til Hvordan sikrer ministeren enhetlig og kunnskapsbasert praksís fra mattilsynet?"

Dette spørsmålet er etter avtale med fiskeriministeren overført til meg som administrativt ansvarleg for Mattilsynet.

Departementa som har ansvar på matområdet, har vore, og er, opptatt av Mattilsynet si praktisering av regelverket og arbeidet med lik handsaming av like saker. Dette har vore vektlagt både i budsjettproposisjonar og i dei årlege tildelingsbreva til Mattilsynet.

Det har samstundes vore lagt vekt på at Mattilsynet skal bruke fagleg skjønn og vere løysingsorientert i møte med verksemdene. Det kan difor vere mogeleg for verksemdene å velje ulike løysingar for å oppfylle målretta krav i regelverket utan at dette representerer ei usakleg forskjellsbehandling frå Mattilsynet si side.

Det er utvikla eigne styringsparametere for einskapleg fagleg skjønn og einskapleg bruk av verkemiddel i Mattilsynet. Ut frå rapporteringa på desse ser det ikkje ut til å vere vesentlege forskjellar mellom dei ulike regionane i Mattilsynet.

Når det er sagt, er eg samd i at det er rom for forbetring når det gjeld einskapleg tolking og handheving av regelverket i Mattilsynet. Departementet har difor framleis stor merksemd på at Mattilsynet har god forvaltningskvalitet og riktig praktisering av regelverket. Dette var seinast tema på styringsmøtet med Mattilsynet hausten 2017.

Mattilsynet orienterte i dette styringsmøtet om at dei har sett i verk fleire tiltak, mellom anna styrka internkontroll, for å betre kvaliteten på vedtaka. Dei arbeider òg med å forbetre klagehandsaminga. Departementet vil følgje opp dette arbeidet vidare.

Med helsing

Jon Georg Dale