Svar på skriftleg spørsmål om etablering av skolerings- og tiltaksprogram for lokalpolitikarar om jordvern

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå Stortingets presidentskap v/stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal, om etablering av skolerings- og tiltaksprogram for lokalpolitikarar om jordvern.

Eg viser til spørsmål nr. 939 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Spørsmålet er reist i brev av 31.03.2017 frå stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal. Spørsmålet er som følgjer: 

"I Innst. 56 S - 2015-2016 (jordvernstrategien) ber Stortinget regjeringen om å etablere i løpet av 2016 et skolerings- og tiltaksprogram for lokalpolitikere i norske kommuner, knyttet tíl ivaretakelse av dyrka og dyrkbar mark. Dette har så vidt meg bekjent ikke blitt etablert enda og flere kommuner etterspør et slik tiltak. Når mener statsråden at et slikt skolerings- og tíltaksprogram vil bli etablert og tilgjengelig for norske kommuner?" 

Som omtalt i Prop. 1 S (2016-2017) frå Landbruks- og matdepartementet, fikk fylkesmennene i oppdrag å gjennomføre opplæringstiltak om jordvern for lokalpolitikarar i løpet av 2016. Ifølgje rapportering frå fylkesmennene og deira årsmeldingar har no alle kommunane fått tilbod om slik opplæring av sine lokalpolitikarar etter siste kommuneval. I årets tildelingsbrev til fylkesmennene er det gjeve eit oppdrag om at dei i dialog med kommunane i løpet av 2017 skal bidra til å auke kunnskapen om plan- og bygningslovens verktøy for å redusere nedbygging av dyrka jord i tråd med regjeringa sin jordvernstrategi. 

Eg har i mitt brev av 08.03.2016 til kommunane understreka den viktige rolla fylkesmennene har som rettleiarar overfor kommunane i plansaker. Det er etablert kontakt med KS for å sjå på nye opplæringstiltak for nye folkevalde etter neste kommuneval.

Landbruksdirektoratet skal følgje opp fylkesmennene i arbeidet med å rettleie kommunane og formidle kunnskap om arealressursane til kommunanes planarbeid. Eg har bede Landbruksdirektoratet i samarbeid med NIBIO om å vidareføre arbeidet med å utvikle kunnskapen om arealressursane og bidra til at kunnskapen blir nytta og gjort tilgjengelig. Eg har gitt ekstra midlar til dette føremålet i 2017 for å oppdatere og forbetre denne rettleiinga. Eg har også bedt fylkesmennene i Rogaland og Hordaland og i Sør- og Nord-Trøndelag om å arrangere regionale jordvernkonferansar i løpet av 2017. På denne bakgrunn meiner eg at arbeidet med skolering er godt ivaretatt. 

 

Med helsing             

Jon Georg Dale