Svar på skriftleg spørsmål om etterbruk av gamal jernbanetrase mellom Hamar og Lillehammer

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Trygve Slagsvold Vedum (Sp) om etterbruk av gamal jernbanetrase mellom Hamar og Lillehammer skal avklarast før neste planfase slik at det kan førast tilbake til jordbruksdrift i framtida.

Spm nr 1094 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Trygve Slagsvold Vedum -  Etterbruk av gammel jernbanetrase mellom Hamar og Lillehammer skal avklares før neste planfase slik at det kan tilbakeføres til jordbruksdrift i framtiden

Eg viser til spørsmål nr 1094 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Spørsmålet er reist i brev av 10. mai 2017 frå stortingsrepresentant Trygve Slagsvold Vedum. Spørsmålet er som følgjer:

"Er statsråden for landbruk og mat enig med Fylkesmannen i Hedmark og Stange kommune i at etterbruk av gammel jernbanetrasè skal avklares før neste planfase slik at det sikres at jernbanetraseen i framtida kan tilbakeføres til jordbruksdrift?"

Det er i gang ein prosess knytt til framføring av nytt dobbeltspor for jernbane gjennom kommunane Stange, Hamar og Ringsaker. Landbruks- og matdepartementet er bede om å komme med ei vurdering knytt til kommunedelplanar for desse kommunane og har vore på møte og synfaring 2. mars i år saman med fleire departement, direktorat og etatar.

Saka er omfattande og det er vanskelege avvegingar som må gjerast. I lys av stortingets fastsatte mål for maks 4000 dekar nedbygging av jordbruksjord innan 2020, og behovet for å styrke grunnlaget for matproduksjon som er nedfelt i regjeringa si jordbruksmelding har Landbruks- og matdepartemenetet gjort ei vurderinga av den konkrete problemstillinga som om etterbruk av den gamle jernbanetraseen. Landbruks- og matdepartementet har i brev av 03.05.17 basert på det sendt ei tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Konklusjonen i tilrådinga er:

"Landbruks- og matdepartementet (LMD) mener hensynet til de store jordvern- og kulturlandskapsinteressene må veie tungt i denne saken. LMD anbefaler å støtte Fylkesmannen i Hedmark sin anbefaling i saken om at det senest ved høring av reguleringsplanforslag for nytt dobbeltspor skal være avklart etterbruk av gammelt spor på den aktuelle strekningen, herunder eventuell prosess og fremdrift. Så langt det er mulig skal også frister og ansvar for gjennomføring av aktuell etterbruk være avklart før reguleringsplan for nytt dobbeltspor vedtas."

Denne saka ligg no i Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd. Eg understrekar difor at dette er ei kompleks og samansatt sak som der jordbruks og jordverninteressene er eit av mange hensyn som må takst med i den endelege vurderinga frå KMD.

Med helsing

Jon Georg Dale