Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om fjerning av lammeslakttilskudd for lam med 0-kvalitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Jenny Klinge om fjerning av lammeslakttilskot på kr. 500 for lam med 0-kvalitet.

Spm nr 1580 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Jenny Klinge – Vedr. fjerning av lammeslakttilskudd på kr. 500 for lam med 0-kvalitet

Representanten Jenny Klinge stilte følgende spørsmål:

"I årets jordbruksoppgjer fekk staten gjennom framlegqet sitt om å fjerne lammeslakttilskotet på kr 500 for lam med O-kvalitet. Dette fører til store økonomiske tap, særleg for dei som driv med utqangarsau av gammal¬norsk rase, men også for dei som driv med andre lette rasar. Ser statsråden no at dette ikkje er eit godt grep viss måIet er inntektsgivande dyrehald i varierte naturtypar som held kultur¬landskapet, og vil han vurdere å gjeninnføre tilskotet tiI lammeslakt av klasse O?"

Tilskota til sauehald har vore styrkt under denne regjeringa, for å auke produksjonen og dekkje etterspurnaden etter norsk sau og lam. Det har lukkast. Vi har no marknadsbalanse etter mange år med importbehov under tidlegare regjeringar. I tillegg er tilskot til utmarksbeite auka vesentleg,for å leggje betre til rette for auka bruk av våre store utmarksressursar. Tilskota til villsau har vore auka mest, særleg ved at villsau no får husdyrtilskot og avløysartilskot på linje med vanleg sau. Det ga, frå utbetalinga i 2015, stor auke i tilskot for villsauprodusentane.

Som representanten Klinge skriv i spørsmålet, er ulike tilskotsordningar utforma for å nå ulike politiske mål. Tilskotet til lammeslakt skal bidra til auka produksjon av kjøtt med god kvalitet. WTO-regelverket set ei grense for kor mange slakt som kan få dette tilskotet. I årets jordbruks¬avtale blei difor grensa for å få tilskot til lammeslakt heva frå klasse O til klasse O+. Hensikta med endringa var altså å tilpasse tilskotet til WTO-reglane, og gjere det på ein måte som stimulerer god kvalitet.

Det er riktig at, med noverande klassefordeling, missar om lag ein tredel av slakt av villsau tilskotet til lammeslakt. Meir enn halvparten av villsauslakta får framleis lammeslakttilskotet, og om lag 15 prosent har aldri fått det. Denne endringa må sjåast i samanheng med den store auken i tilskot som har kome villsauprodusentane til del under denne regjeringa. Det legg godt til rette for lønsemd for villsauprodusentane og for bruken av utmarka, og er vesentleg betre enn kva som var gjeldande under den raud-grøne regjeringa.

Norske sauebønder ligg i verdstoppen i avl på mange saueraser. Ved systematisk avlsarbeid, gode beiter og eventuell delvis innkryssing av andre raser vil også fleire av dei som i dag opplev at dei ikkje får kvalitetstilskot fordi dei har slakt som har for låg klassifisering kunne oppnå dette tilskotet.

Eg minner forøvrig om at det eksisterande klassifieringssystemet har 15 ulike klasser for kjøttfylde, samt 15 ulike klasser for feitt.

Kjøttfylda er målt etter eit system som heiter EUROP og der kvar av dei fem bokstavane har ein pluss og ein minus i tillegg. Høgaste kvalitet ein kan oppnå på slakt er dermed E+ medan lågaste kvalitet er P-. I tillegg kjem fastsetting av feittklasse i 1-5 som også har pluss og ein minus i tillegg. Klasse O som representanten etterspør er dermed den 5 dårlegaste klassa i EUROP.

Kvalitetstilskotet inntreff dermed på 2/3 deler av klassifiseringane. Det er berre den 1/3 med lågast klassifisering som ikkje oppnår dette ekstra tilskotet for høg kvalitet. Dersom eit kvalitetstilskot skal ha noko føre seg meiner eg at ein slik selektering på kvalitet er på eit minimum av kva ein kan forvente

Med helsing

Jon Georg Dale