Svar på skriftleg spørsmål om fondsordning i jordbruket

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om fondsordning i jordbruket.

Stortingsrepresentant Geir Pollestad har stilt følgjande spørsmål:

"Vil regjeringen legge fram en fondsordning i jordbruket, slik et samlet storting har bedt regjeringen om?"

Eg viser til Prop.1 LS (2017 –2018) Skatter, avgifter og toll 2018 frå Finansdepartementet.

I kapittel 30 har regjeringa gitt ei grundig vurdering av spørsmålet om å innføre ei fondsordning i jordbruket. I proposisjonen vert Stortinget informert om at regjeringa ikkje ynskjer å foreslå ei fondsordning for jordbruket etter mønster av skogfondsordninga.
Ved handsaminga i Stortinget seier finanskomiteen i Innst. 3 S (2017–2018): "Komiteen tar omtalen til orientering, og viser til de respektive partiers alternative budsjetter."

På bakgrunn av regjeringa si vurdering og Stortingets handsaming av denne, ser eg ikkje grunnlag for å arbeide vidare med ei slik fondsordning.

Med helsing

Jon Georg Dale
statsråd

Til toppen