Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om aktiviteten på Kvithamar ut 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Marit Arnstad (Sp) om kva statsråden vil gjere for at aktiviteten på Kvithamar kan fortsette ut 2020.

Skriftleg svar på spørsmål nr. 1313 frå stortingsrepresentanten Marit Arnstad

Eg viser til spørsmål nr. 1313 for skriftleg svar. Spørsmålet er stila i brev av 11. april 2018 frå stortingsrepresentant Marit Arnstad. Spørsmålet er som følgjer:

Fra Nord-Trøndelaq meldes det at ledelsen i NIBIO har besluttet at det ikke skal legges ut nye engforsøk på Kvithamar (Bioforsk Midt-Norge) på grunn av politisk press om snarest å tømme forsøksstasjonen og flytte vírksomheten til Steinkjer. Dette til tross for at regjeringen tidligere har uttalt at det kan pågå forsøksvirksomhet på Kvithamar ut 2020. Hvordan vil statsråden sørge for at aktiviteten på Kvithamar kan fortsette ut 2020?

Den 5. juni 2015 offentleggjorde regjeringa sitt vedtak som gjeld sju av dei regionale einingane til NIBIO. Om Kvithamar går det fram at eininga skal leggjast ned, og NIBIO vil få i oppdrag å byggje opp ei ny eining på Steinkjer saman med andre tverrfaglege kunnskaps-miljø.

Som ei vidareføring av denne prosessen vart det i brev til NIBIO 7. april 2016 lagt til grunn at ei ny eining skal vere på plass på Steinkjer innan 31.desember 2018, samtidig som Kvithamar blir lagt ned frå same tidspunkt. I same brev går det fram at NIBIO kan drifte særskilt viktige forsøksareal på Kvithamar i to år etter dette tidspunktet, men då med utgangspunkt i ny lokalisering. Bakgrunnen for denne fristen var at pågåande prosjekt skulle kunne sluttførast som planlagt.

Flytteprosessar vil alltid skape noko utryggleik i ein overgangsperiode. Difor har eg gitt tydelege, men romslege rammer for leiinga av verksemda til å planleggje og gjennomføre flyttinga: NIBIO kan vere lokalisert på Kvithamar i inntil tre og eit halvt år etter regjeringas vedtak om nedlegging, og kan bruke særskilt viktige forsøksareal i fem og eit halvt år etter vedtaket. Dette meiner eg er fristar som gjer det mogeleg for instituttet å planleggje og gjennomføre flyttinga på ein god måte, og som tek omsyn til dei tilsette.

I spørsmålet frå representanten Arnstad går det fram at det skal ha vore lagt politisk press på NIBIO om snarast å tømme forskingsstasjonen Kvithamar.

Departementet har i styringsdialogen med NIBIO bedt om å bli orientert om framdrifta i den aktuelle prosessen fram mot gjennomføring innanfor dei gitte fristane. Eg vil avvise at det er gitt noko som helst av andre signal enn det som framgår av brevet til verksemda av 7. april 2016.

Vurderingar ut over det som framgår av dei omtalte dokumenta, er det fullt og heilt opp til NIBIO sjølv å gjere.

Med helsing

Jon Georg Dale