Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om å framskynde krava i gjødselvareforskrifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) om statråden vil ta initiativ til å framskynde krava i gjødselvareforskrifta.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 2040 frå representanten Lars Haltbrekken 

Eg viser til brev frå Stortingets president av 6. august 2018 vedlagt spørsmål nr. 2040 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Lars Haltbrekken.

Spørsmålet lyd slik:

" I januar 2019 skal det trå i kraft nye regler for oppsamling av gummigranulat fra kunstgressbaner i Norge. Kunstgressbaner er ikke den eneste kilden til plastforsøpling. Hagejord produsert av feks matavfall inneholder også plast, men i forslaget til de nye gjødselvareforskriftene er det ikke foreslått noen innskjerping til mengden plast før 1. januar 2023. Vil statsråden ta initiativ til å fremskynde kravene i gjødselvareforskriften?" 

Svar:

Plast i hage- eller kompostjord er ikkje ønskeleg, og eg er einig i at plast i jord bør viast større merksemd mellom anna av aktørar i avfallsbransjen, slik at ein hindrar innblanding tidleg i verdikjeda. 

Det trengs òg meir kunnskap basert på forsking om effektar av plast i vekstmedium og betydinga for fôr- og mattryggleik. Vitskapskomiteen for mat- og miljø (VKM) arbeider med ei vurdering av omfang og effektar av mikroplast på miljø og mattryggleik. Denne skal etter planen vere ferdig våren 2019. Mattilsynet vurderer i denne samanhengen å be VKM om ei risikovurdering av plast/mikroplast i jord- og gjødselprodukt. 

Med dagens regelverk skal plast og anna ureining som glas og metallbitar større enn fire millimeter ikkje utgjera meir enn fem gram per kg tørrstoff i gjødselvarer.

Gjødselregelverket er under revisjon. Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet har i den samanhengen foreslått å sette strengare krav. Det er frå Mattilsynet vist til at EU vurderer tilsvarande innstramming i sitt regelverk. Forslaget til overgangstid er vurdert naudsynt for at bransjen skal kunne tilpasse seg nye krav. 

Eg ser i dag ikkje grunnlag for å foreslå strengare krav eller kortare overgangstid enn det fagdirektorata har tilrådd. 

 

Med helsing

Jon Georg Dale