Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om framvekst av kyniske "valpefabrikkar"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP) om korleis statsråden vil forebygge og forhindre ein framvekst av kyniske "valpefabrikkar.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 2016 frå stortingsrepresentant Silje Hjemdal

Stortingsrepresentant Silje Hjemdal har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

"Hvordan vil statsråden forebygge og forhindre en fremvekst av kyniske "valpefabrikker"?"

Dyrevelferd er eit prioritert område både for departementet og for Mattilsynet.

Eg har hatt kontakt med Mattilsynet, og deira oppfatning er at omfanget av såkalla "kvalpefabrikkar" ikkje er særleg stort. Mattilsynet meiner dei har god oversikt over oppdrettarar som driv i dette sjiktet og følgjer dei opp etter vanleg rutine.

Mattilsynet får likevel mange uromeldingar på bakgrunn av FINN-annonsar, og nokre frå skuffa kvalpekjøparar. Dei følgjer opp slike meldingar og nyttar aktuelle verkemedel til å få orden på forholda. Til dømes opplyser Mattilsynet at dei har avvikla eller redusert fleire slike dyrehald etter tilsyn.

Dyrevelferdslova pålegg alle ein plikt til å varsle Mattilsynet eller politiet om dei oppdagar eller har grunn til å tru at dyr blir utsett for mishandling eller alvorleg svikt med omsyn til miljø, tilsyn og stell. Mattilsynet har etablert ein eigen varslingsknapp på si heimeside (www.mattilsynet.no) der publikum kan sende inn uromeldingar om dyrevelferd.

Mattilsynet har jobba målretta for å nå ut med bodskapen om varslingsplikta. Talet på uromeldingar har auka frå år til år. Alle meldingar blir vurdert, og om lag kvar tredje blir følgd opp med inspeksjon. Mattilsynet arbeider no med å vidareutvikle varslingssystemet, slik at oppfølging av dei alvorlege meldingane får prioritet.

Regjeringa har sidan 2015 hatt prøveprosjekt med dyrepoliti i Noreg. Målet med dyrepolitisatsinga er å utvikle best mogleg system og rutinar for handsaming av dyrekrim-saker, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til straffesak og domfelling. Regjeringspartia har i regjeringsplattforma uttrykt eit mål om gradvis å innføre dyrepoliti i heile landet.

Eg er positiv til å vurdere nye tiltak for å fremme god dyrevelferd. Fleire av dei tiltaka som er omtalt i grunngjevinga, er vurdert tidlegare. Som representanten Hjemdal trekkjer fram i grunngjevinga til spørsmålet, er kompetanse hos dyrehaldar viktig for dyrevelferda.

Etter mi vurdering kan framvekst av useriøst hundeoppdrett best avgrensast gjennom informasjon, haldningsskapande arbeid, varsel til Mattilsynet om kritikkverdige forhold og god oppfølging av dyrevelferdssaker frå styresmaktene. På Mattilsynet og Norsk Kennel Klub sine heimesider finst mykje god informasjon og rettleiing for alle som vil skaffe seg eit dyr.

 

Med helsing
Jon Georg Dale