Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om gebyrsatsane for kjøttkontroll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå Næringskomiteen om gebyrsatsane for kjøttkontroll.

Eg syner til brev frå Stortinget v/næringskomiteen der det på vegne av komiteen sitt medlem frå Kristeleg Folkeparti blir stilt følgjande spørsmål:

Det vises til kap 4115 Mattilsynet post 01 Gebyr m.m.

Gebyrsatsene for kjøttkontroll legges opp til å øke i 2017, selv om næringen har overtatt oppgaver på dette området og bemanningen har gått ned. Hva er begrunnelsen for økningen i gebyrsatsen for 2017?

Svar:

Mattilsynet bereknar sine utgifter til kjøttkontrollen. Inntektene frå kjøttkontrollgebyret dekker ikkje Mattilsynet sine kostnader på området. Det er i budsjettet for 2017 gjort framlegg om ein auke på 9 % på dette gebyret for å dekkje ein større del av Mattilsynet sine kostnader. Dette utgjer om lag 6 -7 mill. kroner i tillegg til ordinær prisjustering

Eg vil samtidig peike på at Mattilsynet sin ressursbruk til kjøttkontroll har blitt redusert over tid. Dette kjem både av ei effektivisering på slakteria og i slakteristrukturen i Noreg. I tillegg blir einskilde oppgåver som Mattilsynet tidlegare har gjort, no utført av slakteria sjølve. Desse endringane har, sett over lengre tid, medverka til reduserte gebyrkostnader for næringa.

 

Med helsing                                                                      
Jon Georg Dale