Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om kutt i løyvinga til Mattilsynet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om statsråden garantere at antall tilsyn frå Mattilsynet ikkje vert Iågare neste år enn i 2017.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 475 frå representanten Geir Pollestad

Eg viser til spørsmål nr 475 for skriftleg svar frå stortingsrepresentant Geir Pollestad. Spørsmålet lyd slik:

"Til neste år får Mattilsynet eit kutt i løyvinga over statsbudsjettet. Kan
statsråden garantere at antall tilsyn neste år ikkje vert Iågare enn i
2017?"

I budsjettforliket vart regjeringspartia, KrF og Venstre samde om å redusere Mattilsynet sitt budsjett med 25 mill. kroner. Det er lagt til grunn at innsparinga skal skje ved reduserte administrasjonskostnader. Denne føringa frå stortingsfleirtalet gir rom for at Mattilsynet kan vurdere om etaten kan verte meir kostnadseffektiv gjennom endringar i den administrative strukturen. Eg har varsla Mattilsynet om at det er her ein skal forsøke å ta ut innsparinga, og eg vil følgje dette opp vidare i mitt tildelingsbrev til tilsynet.

Mattilsynet forvaltar eit omfattande og detaljert regelverk som er krevjande å ha oversikt over for verksemdene. Mattilsynet arbeider, uavhengig av budsjettvedtaket for 2018, med å legge meir vekt på rettleiing av brukarane. God rettleiing kan vere ein kostnadseffektiv måte for å oppnå etterleving av regelverket.

Mattilsynet har dessutan viktige beredskapsoppgåver. Det å handtere situasjonar som oppstår og som kan true mattryggleiken, dyre-, fiske- eller plantehelsa, er ein viktig del av Mattilsynet sitt arbeid som blir løyst innanfor dei ordinære budsjettrammene. Særskilte hendingar kan difor òg påverke talet på tilsyn som Mattilsynet gjer i løpet av eit år.

Eg har forventing om og er trygg på at Mattilsynet fortsatt vil vere leveringsdyktige på sine viktige ansvarsområde, både innan dyrevelferd, dyre- og fiskehelse, plantehelse og mattryggleik. Eg er oppteken av at tilsynsaktiviteten i Mattilsynet skal være høg. Samstundes er det viktig at dei tilsyna som vert gjennomført skjer med bakgrunn i gode risikovurderingar slik at tilsyn skjer med hyppigast frekvens der risikoen for avvik er størst. Mattilsynet bør målast på meir enn berre tilsynsverksemda. Det er likevel grunn til å understreke at tilsynsaktiviteten dei siste åra er høgare enn det den var sist Senterpartiet sjølv leia Landbruks- og matdepartementet. Denne tabellen viser utvikling i dette.

Mattilsynets tilsynsproduksjon:

Totalt antall tilsyn

2009 61 118
2010 55 450
2011 55 863
2012 54 015
2013 55 335
2014 71 071[1]
2015 68 113
2016 72 889


[1] Mattilsynet gjorde endringar i måten tilsyn blir rapportert på frå og med 2014. I følge Mattilsynet sin årsrapport for 2014 er om lag 9.800 av auken på om lag 15.700 tilsyn frå 2013 til 2014 eit resultat av endra rapporteringsmåte.  

Eg er trygg på at Mattilsynet vil gjennomføre gode risikobaserte tilsyn også i 2018. Eg finn det likevel rett å påpeike at det ikkje er Mattilsynet, men den einskilde verksemda som er ansvarleg for at regelverket blir etterlevd. Mattilsynet skal også i 2018 bidra både med rettleiing og kontroll i eit betydeleg omfang.

Med helsing

Jon Georg Dale