Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om landbruk og klima

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Solveig Skaugvoll Foss (SV) om korleis statsråden  stiller seg til å melde Norge inn i Frankrikes "4 per 1000"-initiativ.

Spm nr 415 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Solveig Skaugvoll Foss

Eg syner til spørsmål 415 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Solveig Skaugvoll Foss til landbruks- og matministeren:

"Landbruket blir ofte sett på som en synder i klimaregnskapet, men det finnes grep vi kan ta for å snu trenden. Under den 21. utgaven av FNs klimaforhandlinger kom Frankrike med et initiativ for å auke landbruksjordas karboninnhold med fire promille hvert år. De kaller initiativet "4 per 1000", og land som Sverige og Danmark har allereie meldt seg inn. Hvordan stiller statsråden seg til å melde Norge inn i Frankrikes "4 per 1000"-initiativ?"

I mitt arbeid med å gjere jordbrukssektoren så klimavennleg som mogleg, er det å auke karboninnhaldet i jord eit viktig tiltak.

Per i dag er kunnskapen om karboninnhaldet i norsk jordsmonn og moglegheitene til å auke karboninnhaldet for liten. Difor er karbonbinding i jord eit høgt prioritert område for bruk av forskingsmidlar innanfor min sektor. I samband med det norske formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2017, har eg tatt initiativ til eit nordisk samarbeid for å auke kunnskapen på dette området.

I årets jordbruksavtale, har vi auka løyvinga og utvida formålet til Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi, som Innovasjon Norge forvaltar. Dette inneber at dei mellom anna støttar prosjekt om utvikling av biokol, som er eit viktig tiltak for å kunne auka karbonlagra i jorda. Eg vil òg nemne at det er etablert eit teknisk berekningsutval for jordbrukssektoren som skal sjå på metodar for korleis jordbruket sitt samla utsleppsrekneskap kan vidareutviklast og synleggjerast betre. Dette er eit viktig nybrottsarbeid der karbonbinding i jord vil vere eit sentralt tema.

Eg er kjent med "4 per 1000" initiativet frå Frankrike. Per no er ikkje Noreg meldt inn i initiativet, men eg vil gjere ei nærare vurdering av om det kan vere hensiktsmessig.

Med helsing

Jon Georg Dale