Svar på skriftleg spørsmål om lokalisering av Landbruksdirektoratet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om lokalisering av Landbruksdirektoratet.

Spørsmål nr, 1032 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Geir Pollestad - Lokalisering Landbruksdirektoratet

Eg viser til skriftleg spørsmål av 27.04.17 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad. Spørsmålet er:

"Vil statsråden syte for ein open prosess når ein skal ta stilling til kor i landet ein skal lokalisera Landbruksdirektoratet når det no skal flyttast utanfor Oslo?"

Regjeringa la 17.02.17 fram Meld. St. 18 (2016-2017) Berekraftige byar og sterke distrikt. Vedlagt meldinga var Plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar. I planen, kap. 7.2, blir det omtalt kva for oppgåver, funksjonar og einingar som ein planlegg å omlokalisere eller som ein vil vurdere å omlokalisere.

I kap. 7.2 heiter det følgjande om landbruksforvaltninga: "Regjeringen vil gjennomgå den samlede ansvarsdelingen i landbruksfor¬valtningen, på tvers av dagens forvaltningsnivå med sikte på forenklinger, bedre kontroll med offentlige tilskudd og en hensiktsmessig arbeidsfordeling mellom kommuner, fylkesmannen og Landbruksdirektoratet. Utredningen skal ferdigstilles innen 1. juli 2017. Utredningen skal omfatte en vurdering av å lokalisere oppgaver eller enheter til ulike steder i landet, blant annet i Trøndelag. Det er i dag 194 og 30 ansatte ved Landbruksdirektoratet i henholdsvis Oslo og Alta. Den samlede arbeidsmengden til landbruksforvaltningen hos fylkesmennene utgjør om lag 300 årsverk."

Utgreiingsarbeidet vil bli gjort av Landbruks- og matdepartementet i samsvar med retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon, og i tråd med utgreiingsinstruksen. Utgreiinga skal som det går fram av mandatet bl.a. omfatte ei vurdering av å lokalisere oppgåver eller einingar til ulike stader i landet.

Departementet har fått fleire innspel frå kommunar og fylke til vurderinga av lokalisering av Landbruksdirektoratet. Eg har også hatt møte med desse der dei har fått høve til å gi ein kort presentasjon av området sitt. Innspela vil bli vurdert i det vidare arbeidet med utgreiinga.


Med helsing

Jon Georg Dale