Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om forholda hjå svinebesetningane i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Arne Nævra (SV) om forholda hjå svinebesetningane i Rogaland.

Svar på spørsmål nr 1787 frå stortingsrepresentant Arne Nævra

Representanten Nævra har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar: 

"5. juni i år kom den endelige rapporten fra Mattilsynet som oppsummerer resultatene av alle inspeksjonene i svinebesetningene i Rogaland det siste året. Her avdekkes det sjokkerende mange brudd på lov og forskrifter. Selv om besøkene var varslet, fant man ett avvik eller flere på hele 73% av besetningene. Hvilke konkrete grep vil statsråden ta for å bedre situasjonen i norsk svinehold, og vil han nå vurdere å se jordbruksoppgjør og jordbruksstøtte i sammenheng med krav til dyrevelferd?"

Eg fekk tidleg kjennskap til at det var ein del uakseptable funn i tilsynskampanjen med hald av slaktegris i Rogaland. Difor kalla eg inn næringa til møte allereie i februar. På møtet orienterte næringa om tiltak som var sett i verk for å betre kompetanse og haldningar hjå produsentane. Det vart òg presentert eit dyrevelferdsprogram som hele næringa står bak, og som dei vil sette i verk i slaktegrisproduksjonen.

Produsentar som ikkje følgjer krav i dyrevelferdsprogrammet, vil få trekk i slakteoppgjeret og avvika vil bli rapporterte til Mattilsynet. Programmet omfattar mellom anna regelmessige besøk av veterinær, i alt 3.500 veterinærbesøk i året. Vidare sikrar ei samarbeidsavtale mellom Mattilsynet og tilskotsmyndigheitene informasjonsutveksling i saker som gjeld brot på dyrevelferdsregelverket. Ved alvorlege brot er det heimel til å gjere ein forholdsmessig reduksjon i produksjons- og avløysartilskotet til føretaket.

Det Mattilsynet har avdekka i sin tilsynskampanje er ikkje akseptabelt. Bønder som ikkje kan ta vare på dyra sine, har vi ikkje plass til i norsk husdyrproduksjon. Eg forventar at svinenæringa no er sitt ansvar bevisst og at dei ryddar opp.

Eg har kalla inn næringa til eit nytt møte for å få ei orientering om framdrifta i dei tiltaka som blir gjennomført i regi av næringa, og om næringa i lys av dei funna Mattilsynet har gjort, vil framskynde arbeidet sitt.

Med helsing

Jon Georg Dale