Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om nasjonal strategi for å sikre fortsatt mangfold av villbier og andre pollinerende insekter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) om når og korleis regjeringa planlegg å legge fram saka om nasjonal strategi for å sikre fortsatt mangfold av villbier og andre pollinerende insekt.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 1104 frå representanten Steinar Reiten

Eg viser til spørsmål nr. 1104 for skriftleg svar. Spørsmålet er reist i brev av 07.03.18 frå stortingsrepresentant Steinar Reiten. Spørsmålet er som følgjer:

"Når og på hvilken måte planlegger regjeringen å legge fram saken om nasjonal strategi for å sikre fortsatt mangfold av villbier og andre pollinerende insekter?"

Som eg informerte om i Prop. 1 S (2017 – 2018), er det utarbeidd eit faggrunnlag for strategien og etablert ein dialogarena med privat sektor. Arbeidet med strategien skjer i eit samarbeid mellom fleire departement og er i ein avsluttande fase.

Eg vil komme attende til Stortinget på høveleg vis når regjeringa sitt arbeid med saka er sluttført.

Med helsing

Jon Georg Dale