Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om endring av talet på obduserte dyr og prisar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om korleis talet på obduserte dyr og prisane for obduksjon av dyr har endra seg dei seinare åra.

Stortingsrepresentant Geir Pollestad har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar: 

"Korleis har talet på obduserte dyr og prisane for obduksjon av dyr endra seg dei seinare åra?" 

Representanten grunngir spørsmålet med at Stortinget i samband med handsaming av Dokument 8:132 S (2014-2015) gjorde fylgjande vedtak: 

"Stortinget ber regjeringen sørge for at egenandelene ved obduserte dyr har et nivå som sikrer det antall obduksjoner som trengs for å ivareta og styrke kunnskapen om dyrehelse." 

Svar:
Eg har frå Veterinærinstituttet motteke oversikt over tal på obduserte dyr der innsendaren betaler for obduksjonen, og over prisar for obduksjon for perioden 1.1.2014 – 7.12.2016. Desse oversiktene følgjer vedlagt. 

Som det går fram av siste tabell, så har Veterinærinstituttet frå og med 1.1.2016 halvert prisen på obduksjonar av produksjonsdyr utført ved laboratoriet i Tromsø. 

Når det gjeld talet på obduserte dyr, så viser den fyrste tabellen at det er ein monaleg auke frå 2014 og 2015 til 2016 i talet på obduksjonar der innsendaren betaler, ved laboratoriet i Tromsø. Auken er ikkje tilsvarande i det samla talet på obduksjonar fordi eit forskingsprosjekt vart avslutta i 2015. Dei fleste prøvane kjem framleis frå område relativt nært Tromsø.

Med helsing 

Jon Georg Dale 

Vedlegg