Svar på skriftleg spørsmål om å auke foredlinga og verdiskapinga av tømmer i Norge

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien (SP) om kva tiltak regjeringa vil gjere for å auke foredlinga og dermed verdiskaping av tømmer i Noreg.

Eg viser til spørsmål nr. 214 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Anne Tingelstad Wøien (SP) til landbruks- og matministeren: 

"Hvilke tiltak vil regjeringen iverksette for å øke foredlingen og dermed verdiskapingen av tømmer i Norge" 

Noreg har store skogressursar som gjennom lønsam foredling kan gje grunnlag for langt større verdiskaping enn i dag. I næringas eigen nasjonale strategi SKOG22 er det vist til at det er mogleg å firedoble omsetnaden frå skog- og trenæringa. Regjeringa vil leggje til rette for at næringa skal kunne utvikle seg vidare med auka verdiskaping som mål. 

Regjeringas overordna næringspolitikk er å sikre gode rammevilkår for næringsutvikling og industri i Noreg. Dette vil vi primært oppnå ved å forbetre dei generelle rammevilkåra som skatt, infrastruktur og satsing på forsking, utvikling og innovasjon. Gjennom ei vesentleg  satsing på veg og jernbane, ei skattereform for å fremje næringsverksemd og nye arbeidsplassar, og satsing på auka forsking og innovasjon i næringslivet, ligg det godt til rette for å skipe ny foredlingsverksemd i Noreg, også i skog- og trenæringa. 

I tillegg til dei generelle verkemidla i regjeringas politikk for å fremje konkurransedyktige arbeidsplassar i Noreg, har regjeringa òg satsa på område som er særskild viktig for skog- og trenæringa. 

Den nye stortingsmeldinga om skog- og trenæringa, "Verdier i vekst", har eit verdikjedeperspektiv. Ho trekk fram moglegheitene i næringa, og regjeringa sine prioriteringar for å leggje til rette for auka lønsam foredling av skogressursane i Noreg.

Både i skog- og tremeldinga og i praktisk politikk har regjeringa tatt tak i mange av råda frå SKOG22, og bidrar til at skog- og trenæringa kan nå sine strategiske mål. 

Denne regjeringa har auka løyvingane til skogsbilvegar med 80 pst i dei siste tre åra. I statsbudsjettet for 2017 er det foreslege ei ytterlegare auke av løyvingane til infrastruktur på 40 pst. Løyvingane til tømmerkaier er dobla frå i fjor. Dette bidrar til auka lønsemd i skogbruket, og gjer at meir råstoff kan bli tilgjengeleg for ny eller eksisterande industri. Det er òg lagt ned mykje arbeid i å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på det offentlege vegnettet, og det er opna for lengre og tyngre vogntog fleire stader. Regjeringa vil i samråd med næringa sjå korleis vi kan få til ytterlegare utbetring av fleire flaskehalsar som hindrar effektiv transport av tømmer. 

Dagens eigedomsstruktur er ei konkurranseulempe for skog- og trenæringa. Større eigedomar i skogbruket vil gje grunnlag for større lønsemd og investeringsvilje i skogbruket. Denne regjeringa jobbar for å få til ein fungerande marknad for landbrukseigedomar, og vil kome tilbake til Stortinget med forslag for å leggje til rette for ein meir rasjonell eigedomsstruktur i skogbruket. 

Regjeringa sitt forslag om å auke kravet til omsetnad av biodrivstoff opnar nye marknadsmoglegheiter for foredling av tømmer i Noreg. Regjeringa har òg varsla at mandatet til Investinor skal endrast slik at meir risikokapital kan nyttast til investeringar i modne selskap i skogsektoren. 

Forsking og innovasjon har vore satsingsområde for regjeringa, og det finnast ei rekkje verkemiddel som kan bidra til auka FoU-innsats i skog- og trenæringa. Samstundes ser vi at deler av næringa ikkje har nytta ordningane i like stor grad som andre sektorar. Landbruks- og matdepartementet vil derfor ta initiativ til samarbeid med skog- og trenæringa, FoU-institusjonane og Noregs forskingsråd for å sjå nærare på korleis FoU-aktiviteten kan auke og vurdere tiltak for dette.  

 

Med helsing   

Jon Georg Dale