Svar på skriftleg spørsmål om oppdaterte tall for tollbeskyttelsen

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) om å redegjere for senast oppdaterte tal for tollbeskyttelsen, tollsats og tollbeløp ved innførsel, hhv. vist med både kronetoll og prosenttoll, for samtlige jordbruksvarer i Tolltariffen.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 2015 frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen

Stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen har stilt følgjande spørsmål:
"Kan statsråden redegjøre for senest oppdaterte tall for tollbeskyttelsen, tollsats og tollbeløp ved innførsel, hhv. vist med både kronetoll og prosenttoll, for samtlige jordbruksvarer i Tolltariffen?

Alternativt kan redegjørelsen avgrenses til følgende jordbruksvarer:
Mathvete, bygg, havre, melk konsum, hvitost (norvegia), jogurt naturell, rømme, storfe helslakt, storfe nakke, storfe mørbrad, storfe bryst/bibringe, storfe kjøttdeig, storfe entrecote, storfe bog, storfe biff, storfe indrefilet, storfe lår, lam helslakt, lam bryst/nakke, lam bog, lam sadel, lam side, lam kjøttdeig, svin helslakt, svin kjøttdeig, svin skinke, svin bog, svin nakke, svin kotelettkam, svin mørbrad, kylling helslakt, kylling bryst, kylling lår og egg.

Svaret ønskes utarbeidet ut fra følgende oppsett: 

  • Pris i Norge (kr/kg) 
  • Internasjonal referansepris (kr/kg) 
  • Tollbeskyttelse, med kr—toll (kr/kg)
  • Tollbeskyttelse, med prosenttoll (kr/kg)
  • Tollbeløp ved innførsel, kr—toll (kr/kg)
  • Tollbeløp ved innførsel, prosenttoll (kr/kg)"

Svar:
Representanten Lundteigen stiller eit særs omfattande spørsmål om prisar, nasjonale og internasjonale, og tollvern for jordbruksvarer. For mange av varene har vi ikkje tilgang til prisstatistikk slik det vert bede om. 

I samband med forvaltninga av importvernet samlar Landbruks-direktoratet inn prisar, både norske og internasjonale, for sentrale jordbruksvarer. Direktoratet har for dei ulike sektorane valt ut produkt som dei meiner er dominerande og sentrale for økonomien i sektoren, og der produktskilnaden innanfor ein kategori ikkje er større enn at det gir meining å snakke om ein pris. 

Vedlagte tabell syner tollvernet for sentrale produkt innanfor dei kategoriane representanten ber om. Tabellen syner vernet i kroner basert på bruk av kronetoll og prosenttoll for dei valde produkta, og kva som gir best vern av krone- og prosenttoll. 

Sidan 1995 er det for dei fleste produkta brukt kronetoll som gjeldande tollsats, med unntak av særleg blomar, nokre animaliske produkt og grønsaker der det er brukt prosenttoll. 

Norsk pris er for fleire varer omfatta av teieplikta i forvaltningslova § 13 første ledd nr. 2. Unntaket er for prisar som er offentleg kjende, slik som til dømes målprisar, planlagde engrosprisar og referanseprisar. I tabellen er det difor for nokre varer ikkje ført opp norsk pris. 

Siste kolonne i tabellen syner tollbeløp ved innførsel dersom prosenttoll vert nytta. 

Med helsing

Jon Georg Dale
statsråd

Til toppen