Svar på skriftleg spørsmål om ordning for handtering av naturskadar

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) om gjeldande ordning for handtering av naturskadar og den nye ordninga frå 2017.

Eg viser til spørsmål sendt meg 19. september 2016. Spørsmålet lyder:

"Ørsta kommune har opplevd fleire kraftige og øydeleggjande flaumar, seinast i Barstadvika i august. Korleis ser statsråden på det systemet vi har for å handtere slike situasjonar og hjelpe dei berørte grunneigarane økonomisk, og vil den nye ordninga frå 2017 i praksis gjera sakene vanskelegare og dyrare for dei som blir råka av naturskade?"

Den statlege erstatningsordninga for naturskadar er regulert gjennom naturskadelova. Ordninga vart lovfesta allereie i 1961. Hovudformålet med ordninga er å bidra til at skaden vert retta opp slik at skadelidne er i stand til å fortsette si verksemd. Lova inneheld føresetnadar for å verte tilkjent erstatning. For det fyrste må skaden vera forårsaka av ei naturulukke. For det andre må skaden direkte skuldast naturulukka. I tillegg er det ein føresetnad om at det ikkje er mogleg å forsikre seg mot skaden ved ei alminneleg forsikring.

Gjeldande ordning inneber eit tospora system ved at skaden som hovudregel fyrst skal takserast gjennom eit såkalla lensmannsskjøn, kor skjønet kan klagast på til overskjøn ved tingretten. Når rettskraftig skjøn føreligg, vert saka send til handsaming til Styret for statens naturskadefond kor sjølve erstatningsvedtaket vert fastsett. Erstatningsvedtaket kan klagast på til Ankenemnda for statens naturskadefond. Landbruksdirektoratet er sekretariat for fondsstyret og Ankenemnda. I perioden 2004–2013 vart om lag 1 350 skadesaker handsama årleg med ei gjennomsnittleg samla utbetaling årleg på i overkant av 100 mill. kroner.

Fram til 2009 hadde ordninga også ei løyving som kunne brukast til sikringstiltak mot naturskadar. Denne løyvinga, og sjølve ansvaret for sikringsarbeidet, vart overført til Olje- og energidepartementet ved Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) med verknad frå 2009. NVE har det overordna ansvaret for statlege forvaltingsoppgåver innan førebygging bl.a. av flaumskadar.

Ny lov om naturskadeerstatning vart vedteken av Stortinget i juni 2014, og vil tre i kraft 1. januar 2017. Frå same dato vil også ei ny forskrift til lova tre i kraft.

Dei nye reglane gjeld erstatning, og vil ikkje innebere endringar når det gjeld ansvaret for sikring mot naturskade.

Dei nye reglane vidarefører mykje av innhaldet i gjeldande reglar, men inneber forenkling og effektivisering samanlikna med dagens ordning. Dette vil gje raskare utbetaling til dei skadelidne. Dagens tospora modell vert erstatta av ein rein forvaltningsmodell med Landbruksdirektoratet som ansvarleg forvaltningsorgan. Landbruksdirektoratet vil på bakgrunn av dokumentasjon frå skadelidne ta stilling til skadens omfang og fastsete erstatninga i eit og same vedtak. Vedtaket kan klagast på til Klagenemnda for naturskadesaker.

Dei nye reglane vil opne for at ein større del av skadane kan dokumenterast av skadelidte gjennom eiga oppgåve, anbod eller takst som viser skadeomfanget og utgiftene for retting av skaden. Krava til skadelidne om dokumentasjon aukar dess større skade det er tale om. Landbruksdirektoratet kan også hente inn og sjølv betale takst i dei tilfella kor utgiftene for å rette opp skaden reknast å vere over 500 000 kroner, og elles når direktoratet meiner det er nødvendig for å opplyse saka tilstrekkeleg. Den nye ordninga vil også gjere det enklare å setje inn ekstra ressursar ved store naturskadehendingar. Ordninga vil vidare bidra til lik handsaming og auka rettstryggleik for den enkelte skadelidne. I tillegg er det utvikla ei ny IKT-løysing og nytt rettleiingsmateriale som vil bidra til ei raskare og enklare sakshandsaminga både for Landbruksdirektoratet og for dei som søkjer om erstatning.

Med helsing                                                                
Jon Georg Dale