Svar på skriftleg spørsmål til representantforslag om tiltak for å redusere matsvinn

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentantane Line Henriette Hjemdal (KrF), Rigmor Andersen Eide (KrF) og Geir Sigbjørn Toskedal (KrF) om tiltak for å redusere matsvinn.

Eg viser til brev frå Næringskomiteen datert 20.10.2016 vedlagt representantforslag Dokument 8:9 S (2016-2017) frå stortingsrepresentantane Line Henriette Hjemdal, Rigmor Andersen Eide og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak for å redusere matsvinn. 

Det vert fremja 6 konkrete forslag:

  1. Stortinget ber regjeringen gjennomføre en holdningskampanje for å øke forbrukernes kunnskap om matsvinn og forebygging av dette.
  2. Stortinget ber regjeringen utrede hvordan datostemplingen på matvarer kan forbedres for å redusere matsvinn.
  3. Stortinget ber regjeringen legge til rette for utvikling av ny teknologi og emballasje som kan bidra til å redusere matsvinn.
  4. Stortinget ber regjeringen gjennom den planlagte avfallsmeldingen bidra til at kommuner kan håndtere matavfall på en bedre måte, ved blant annet å legge til rette for økt bruk av kildesortering.
  5. Stortinget ber regjeringen utrede og eventuelt foreslå en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og dagligvarebransjen.
  6. Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det etableres matsentraler eller liknende ordninger i alle deler av landet, også gjennom økonomisk støtte.

Innleiingsvis vil eg vise til at regjeringa er oppteken av å ta problemstillinga kasting av mat/matsvinn på alvor. I Noreg vert det årleg kasta fleire hundre tusen tonn etande mat. Eg deler ønsket om å redusere mengda mat som vert kasta i alle ledd av verdikjeda. Det er allereie starta opp fleire tiltak og prosjekt for å redusere matsvinnet.

Saman med klima- og miljøministeren, fiskeriministeren, helse- og omsorgsministeren og barne- og likestillingsministeren, underteikna tidlegare landbruks og matminister Sylvi Listhaug og ein samla matbransje ein intensjonsavtale om reduksjon av matsvinn i fjor. Heile bransjen er med på samarbeidet, frå primærnæring til forbrukarledd.

Føremålet med intensjonsavtalen er å styrke samarbeidet mellom styresmaktene og aktørane i heile matkjeda for å redusere matsvinnet ytterlegare. Intensjonsavtalen vil gjelde til den vert erstatta av ein konkret bransjeavtale når det vert tilgjengeleg statistikk og indikatorar som kan gi grunnlag for konkrete reduksjonsmål. Intensjonsavtalen er eit godt utgangspunkt for eit breiare samarbeid med hele verdikjeda i matbransjen om korleis arbeidet med å redusere matsvinn og auke ressursutnyttinga kan utviklast vidare. Spørsmålet om utarbeiding av tiltak vil det vere naturlig å ta stilling til i arbeidet med ein forpliktande bransjeavtale, som intensjonsavtalen om reduksjon av matsvinn skal munne ut i.

Medan vi ventar på ei konkretisering av bransjeavtalen, har eg likevel gjort ei førebels vurdering av dei enkelte punkta i representantforslaget:

1. Stortinget ber regjeringen gjennomføre en holdningskampanje for å øke forbrukernes kunnskap om matsvinn og forebygging av dette.

Regjeringa støttar bransjen sin eigen organisasjon for førebygging og reduksjon av matsvinn, Matvett, som har vore i gong sidan 2012. Matvett har mellom anna fokus på å haldningsskapande tiltak, særlig overfor barn og unge for å gje dei naudsynt kunnskap til å ta betre vare på maten. Organisasjonen sitt ForMat-prosjekt 2010-2015, syner at det totale matsvinnet i Noreg er redusert med 12 prosent per innbyggar frå 2010 til 2015. Det betyr at målet som ForMat-prosjektet sette tidlig i perioden, om å medverke til 25 prosent reduksjon, er halvvegs nådd. Resultata for plukkanalysane viser at matsvinnet i forbrukarleddet er redusert med 9 % målt i kg/innbyggar frå 2011 til 2015, frå  46,3 til 42,1 kg/innbyggar. Det er grunn til å tru at denne nedgangen skuldast både innsatsen som er lagt ned av ForMat-prosjektet/Matvett og andre tiltak i matbransjen. I tillegg til å støtte opp under aktivitetane i ForMat-prosjektet, har matbransjen gjennomført eigne tiltak som bruk av nye emballasjeløysingar, lågare prising av varer nær siste forbruksdag og utvikling av nye produkt basert på utsorterte råvarer.

Matvett har fleire informasjonstiltak, mellom anna to nettsider. Matvett.no er retta mot forbrukarane, medan matsvinn.no primært er retta mot bedrifter. Matvett skal òg ha ein kampanje retta mot forbrukarane om redusert matsvinn i 4. kvartal 2016. I tillegg har Matvett vidareutvikla materiell retta mot elevar i grunnskulen, mellom anna nettspelet "Waste invaders". Matvett skal òg digitalisere "matkastebordet" som viser kor mykje mat kvar nordmann kastar.

For å lukkast i arbeidet med å redusere matsvinn gjennom hele verdikjeda, er det naudsynt med eit godt samarbeid mellom bransjeaktørane og styresmaktene. Ein av suksessfaktorane til ForMat-prosjektet har vore utviklinga av eit slikt samarbeid, og det er avgjerande for framtidig suksess at dette samarbeidet held fram og blir styrkt ved at fleire aktørar i bransjen deltek, slik som dei gjer i intensjonsavtalen og i den kommande bransjeavtalen. Om ein haldningskampanje skal verte gjennomført, vil det vere naturlig å ta stilling til i arbeidet med denne forpliktande bransjeavtalen. 

2. Stortinget ber regjeringen utrede hvordan datostemplingen på matvarer kan forbedres for å redusere matsvinn.

Ferdigpakka matvarer skal merkast med dato for kor lenge dei held seg. Det er to formar for slik merking: "Siste forbruksdag" og "Best før". Merkinga er av omsyn til både helse og kvalitet. Datoen skal gje opplysning om kor lenge vara held sine spesifikke eigenskaper, kvalitet og liknande ut i frå oppgitte oppbevaringsforhold i uopna pakning.

Det er produsenten som vurderer og set ein slik dato på matvara. Produsentane kjenner råvarene og prosessane som er brukt. Datoen skal setjast ut frå vanlege og realistiske føresetnader for transport, oppbevaring og sal. I praksis set produsentane ofte datoen ut frå dei mest krevjande, men realistiske føresetnadene i løpet av året. Så lenge verksemda har full kontroll og oversikt over føresetnadene, er det ikkje noko i vegen for at dei kan setje ulik datomerking gjennom året for same produkt. Det vil seie at matvarene vert merka med ein dato som er tilpassa sesong, temperatur og andre føresetnader.

For nokre matvarer er det ikkje krav om merking med ein slik dato. Det gjeld mellom anna frisk frukt og grønsaker, bakeri- og konditorvarar som stort sett vert etne innan 24 timar (for eksempel ferske brød) og drikkevarer med alkoholinnhald på over 10 volumprosent.

Ei rekkje norske verksemder er opptekne av å datomerke med sikte på å sikre trygg mat og kvalitet, samtidig som dei ønsker å oppnå lågast mogleg matsvinn. Bruk av tilsettingsstoff, pakkegassar og emballasjetype vil kunne påverke kor lenge ei vare held seg.

På initiativ frå Nordisk Ministerråd er det nyleg laga ein nordisk rapport som ser på samanhengen mellom datomerking og matsvinn. Det er òg sett på kva tiltak som kan påverke kor lenge maten held seg, og som dermed vil kunne vere med på å redusere matsvinn. I rapporten vert det slått fast at svinn av kjøttdeig i daglegvarehandelen vart kraftig redusert etter at brukstida vart forlenga på grunn av endring i gass-innhaldet i emballasjen. I rapporten vert det vidare slått fast at mange av forbrukarane treng betre kunnskap om forskjellen mellom ”siste forbruksdag” og ”best før”, og at dei ofte kaster mat når utløpsdatoen er passert, uavhengig av kva type datomerkinga produkta har.

Med bakgrunn i resultat frå prosjektet er det foreslått å utvikle ”best practice”-retningsliner for næringsmiddelindustri og dagligvarehandel, og meir tilrettelagt informasjon for forbrukarar.

Gjennom ForMat-prosjektet, har matbransjen gjort ei rekkje tiltak for å redusere matsvinn gjennom tiltak som omfattar datomerking, men også tiltak for å informere forbrukar gjennom internettsida matvett.no. På nettsida er det oppslag om dei to typane datomerking. Det er også informasjon om datomerking retta mot forbrukar både på Mattilsynet sine internettsider og på matportalen.no som er styresmaktene sine informasjonsnettsider om mat og helse.

Matbransjen har gjennom ForMat vist at den er medviten sitt ansvar for å søke å redusere matsvinn mellom anna ved å endre datomerkinga der det har vore aktuelt. Dette har vorte gjort i dialog med Mattilsynet som har tilsynsansvaret for mattryggleik og merking. 

3. Stortinget ber regjeringen legge til rette for utvikling av ny teknologi og emballasje som kan bidra til å redusere matsvinn.

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet finansierer mykje av Forskingsrådet sitt BIONÆR-program (berekraftig verdiskaping i mat og biobaserte næringar). I 2016 var Landbruks- og matdepartementets bidrag til dette programmet på om lag 192 mill. kroner.  Programmet støttar mellom anna forsking på sensorteknologi, bruk av robotar og meir miljøvennlege prosessar for å redusere og utnytte matsvinn, både frå produksjon og frå mat som forbrukarane i dag kastar.  Blant dei større prosjekta på området finn vi CYCLE- prosjektet som blei sett i gong i 2013, og prosjektet Innovativ teknologi for norsk næringsmiddelindustri som nyleg har starta opp. Begge prosjekta vert leia av SINTEF.

I tillegg til BIONÆR-programmet, vil middel frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og forskingsmiddel over jordbruksavtalen (JA) vere sentralt for å legge til rette for utviklinga av ny teknologi og emballasje som kan bidra til å redusere matsvinn. I fellesskap mellom BIONÆR-programmet og FFL/JA, vert det lyst ut  middel til innovasjonsprosjekt for næringslivet. Prosjektet Riktig Emballering for Redusert Matsvinn leia av Bama-gruppa, og prosjektet Nye lagrings- og pakketeknologiar for forlenga sals-sesong og ivaretaking av høg kvalitet på norskprodusert frukt, leia av Hardanger Fjordfrukt, er døme på prosjekt som er starta opp på området.

FFL og Nærings- og fiskeridepartementet finansierer òg matforskingsinstituttet Nofima sine strategiske program. Prosessteknologi slik som konservering, nye teknologiar og varmebehandling er mellom Nofima sine satsingsområde. Nofima er involvert i fleire prosjekt som legg vekt på å hindre matsvinn gjennom rett bruk av emballasje og pakketeknologi. I tillegg til ei rekkje nasjonale prosjekt for mellom anna kjøt-, fiske-, vegetabilie- og emballasjeindustrien er Nofima med i fleire EU-prosjekt.

Utover dette vil òg norsk deltaking i det europeiske forskings- og innovasjonsprogrammet, Horisont 2020, innanfor delprogrammet på området mat, hav og bioøkonomi, bidra til kunnskapsoppbygging på området.

4. Stortinget ber regjeringen gjennom den planlagte avfallsmeldingen bidra til at kommuner kan håndtere matavfall på en bedre måte, ved blant annet å legge til rette for økt bruk av kildesortering.

Kommunane har ansvar for å sørge for innsamling av avfall frå hushalda. Kommunane kan sjølv velje om dei ønsker å tilby innsamling av avfallet i ulike fraksjonar (kjeldesortering av avfall).

Miljødirektoratet har fått oppdrag om å vurdere verkemiddel for å fremme utsortering av blautorganisk avfall og plast, som skal verte levert i løpet av året. Det er naturleg at oppdraget vert følgd opp i meldinga om avfallspolitikk og sirkulær økonomi.

Som ansvarleg for avfallet tilknytt hushald, vil kommunane vere naturlege samarbeidspartnarar når det gjeld kartlegging av matavfall og matsvinn.

5. Stortinget ber regjeringen utrede og eventuelt foreslå en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og dagligvarebransjen.

Eg har stor tru på samarbeid for å redusere matsvinn, meir enn lovreglar og forbod. Alle må ta ansvar for å førebygge matsvinn, både primærnæring, matindustri, grossistar, daglegvarehandel, restaurantar og forbrukarar. Føresetnadane for å lukkast er større om vi samarbeider på tvers i verdikjeda.

Som tidlegare nemnt inngjekk styresmaktene i 2015 ein intensjonsavtale med representantar for heile matbransjen om reduksjon i matsvinn. Intensjonsavtalen vil etter planen bli avløyst av ein konkret avtale med reduksjonsmål og moglege tiltak i 2017.

Eg viser òg til at styresmaktene har samarbeidd med matbransjen om å sette matsvinn på dagsorden i Noreg sidan  ForMat-prosjektet vart starta opp i 2010. Gjennom solid kartlegging av matsvinn i store deler av verdikjeda, viktig forbrukaropplysning og gjennomførte nettverksprosjekt mellom sentrale aktørar i matbransjen, har ForMat medverka til å redusere matsvinnet i Noreg. Styresmaktene har støtta ForMat økonomisk og vore observatør i prosjektet.

Sidan 2009 har Noreg hatt forbod mot å kaste matavfall på fyllinga. Dette avfallet går no oftast til forbrenning, fôrproduksjon eller kompostering, men det er veksande interesse for å auke delen som blir nytta til biogass. Reelt sett er det dermed berre kravet om avtale med ideelle organisasjonar som skil matkastelova i Frankrike frå norsk regelverk.

Alt dette syner at vi er på rett veg med arbeidet mot matsvinn i Noreg, utan ei matkastelov med forbod mot matkasting som i Frankrike. Heller enn nye påbod og forbod, vil vi halda fram samarbeidet med bransjen med sikte på å finne gode tiltak for å redusere matsvinnet i Noreg. 

6. Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det etableres matsentraler eller liknende ordninger i alle deler av landet, også gjennom økonomisk støtte.

Landbruks- og matdepartementet har saman med mellom andre ForMat-prosjektet, delteke i arbeidet med å leggje til rette for etablering og drift av Matsentralen som distribuerer brukande mat som ikkje kan seljast frå daglegvarebutikkar, grossistar og produsentar, til vanskelegstilte personar i heile Oslofjord-området.

Matsentralen delte ut 800 tonn mat i 2015 noko som utgjer 1,6 millionar middagar til sluttbrukarane og ein vekst på 30 % frå 2014. Dette er no den matsentralen i Norden som distribuerer mest mat. Prosjektet har støtte frå daglegvarehandel, matindustri og ideelle organisasjonar, men treng meir mat og finansiering, noko som eg oppmodar bransjen om å støtte ytterligare opp om.

Regjeringa innførte eit fritak for meirverdiavgift ved uttak av mat som vert levert vederlagsfritt til velgjerande føremål frå 1. juli i år.  Fritaket vil medverke til å redusere matsvinnet og gjere det billigare for bransjen å gje mat til menneske som har det vanskeleg. Dette vil gjere det enklare for verksemdene å gje mat til både matsentralen og andre liknande ordningar i alle delar av landet.

Matsentralen er eit viktig tiltak i arbeidet mot matsvinn, og Landbruks- og matdepartementet har difor støtta etablering av Matsentralen. Eg trur likevel det ikkje på sikt er ei offentlig oppgåve å finansiere drifta av Matsentralen. Her må ein finne løysningar i samarbeid med matbransjen som sikrar vidare drift og etablering av nye matsentralar.  

 

Med helsing                                                                      
Jon Georg Dale