Svar på skriftleg spørsmål om sal av Statskog sine eigedomar

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF) om kor mykje av Statskog sine eigendomar som er solgt til no, og kven er kjøparane av eigedomane.

Spm nr 1135 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal - hvor mye av Statskogs eiendommer er solgt til nå og hvem er kjøperne av disse eiendommene.

Eg viser til spørsmål nr. 1135 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Line Henriette Hjemdal (KrF) til landbruks- og matministeren:

"Under regjeringen Stoltenberg ble det vedtatt at 500 000-600 000 dekar av eiendommene Statskog eide skulle selges til private i løpet av perioden 2011-2017. I statsbudsjettet for 2016 fikk regjeringen tilslutning til å selge ytterligere 150 000 dekar. Jeg viser videre til at regjeringen nylig har lagt ut 30 000 dekar av Statskogs skog for salg. Mitt spørsmål til statsråden er hvor mye av Statskogs eiendommer som er solgt til nå, og hvem som er kjøpere av disse eiendommene?"

Då Statskog SF kjøpte Borregaard Skoger AS, Børresen AS og Borregaard Vafos, med areal på til saman 1,1 mill. dekar, frå Orkla ASA i 2010 la styret i Statskog SF til grunn at kjøpet ville gjere det mulig å selje spreidde skogeigedomar føretaket eigde frå før i sør- og Midt-Noreg. Departementet vurderte at dette både ville styrkje føretakets økonomi og samstundes styrkje næringsgrunnlaget for private skogeigarar, kommunar og allmenningar. Det ville også kunne utløyse makeskifteareal for skogvern, for å gjere skogvernprosesser på privat grunn lettare. Dette er omtalt i Prop. 11 S (2010-2011). Stortinget bad om at Statskog SF også skulle vurdera sal i Nordland og Troms.

Denne regjeringa har valt å la Statskog SF vidareføre arronderingssalet på til samen 600 000 dekar, og etter ei grundig vurdering alternative organiseringsformer for skogverksemda i Statskog SF, har regjeringa opna for at Statskog SF kan utvide salet med ytterligare 150 000 dekar der dette gir arronderingsvinster for føretaket.

Det er ikkje regjeringa som legg ut eigedomar for sal, men Statskog SF som sjølv vel ut eigedomane som skal seljast. Føremålet er å gjere skogsdrifta meir effektiv og å styrke lønsemda i føretaket. Samstundes opnar salet for at private skogeigarar kan auke sitt næringsgrunnlag, betre arronderinga og gjere sin eigedom meir lønsam.

I følgje informasjon frå Statskog SF er det så langt selt totalt 200 eigedomar på til saman 440 000 daa. 8 av eigedomane er under konsesjonshandsaming.

Det er gitt konsesjon på i alt 192 eigedomar på til saman 403 000 daa.

Kjøparane fordeler seg slik der konsesjon er gitt:

  • Lokale kjøparar: 133 (272 743 daa), 69%(68%)
  • Miljødirektoratet: 24 ( 55 086 daa), 13%(14%)
  • Andre: 21 ( 54 941 daa), 11%(14%)
  • Kommunar: 14 ( 20 268 daa), 7%( 5%)

Lokale kjøparar er i all hovudsak jord- og skogeigarar i same kommune som skogareala ligg, medan gruppa "Andre" for det meiste er jord- og skogeigarar i nabokommuner.

Med helsing

Jon Georg Dale