Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om smitteproblematikk i storfebesetningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand (Sp) om kor mange kufjøs som er sunnhetserklært, og kva konsekvensar det har hatt for dei besetningane og produksjonen der dette har blir fulgt opp?

Svar på skriftleg spørsmål nr. 1548 frå representanten Marit Knutsdatter Strand

Eg viser til spørsmål nr. 1548 for skriftleg svar reist i brev av 9. mai 2018 frå stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand. Spørsmålet er som følgjer:

"Veterinærer jobber daglig med smitteproblematikk i storfebesetninger. God dyrevelferd, matkvalitet og økonomisk drift avhenger av sunne fjøs og dyr. Et virkemiddel har vært å sunnhetserklære kufjøs årlig. Veit statsråden hvor mange kufjøs som er sunnhetserklært, og hvilke konsekvenser det har hatt for de besetningene og produksjonene der dette blir fulgt opp?"

Det eksisterer med det eg veit, ikkje noko system for å "sunnhetserklære" kufjøs i Noreg, verken i offentleg regi eller hjå næringa.

Mattilsynet fører risikobasert tilsyn med dyrevelferd og dyrehelse i kufjøs, samt med mattrygghet. I tillegg blir om lag 20 prosent av storfebesetningane kvart år undersøkte for ulike sjukdommar gjennom dei offentlege overvakings- og kontrollprogramma.

Næringa starta "Helsestorfe"- prosjektet i 2017 for å betre helse- og smittebeskyttelsen i norske storfebesetningar. Næringas eige "Kvalitetssystemet i landbruket" har også laga ein KSL-standard for drøvtyggarar som inneheld ulike krav til eigenrevisjon. Her blir det òg gjennomført eksterne revisjonar. Deltaking i desse to ordningane er frivillig.

Med helsing

Jon Georg Dale