Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om tiltak for å hjelpe bønder i Rogaland som har fått øydelagt avlingar grunna rekorddårleg vær

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Olaug Bollestad (KrF) om kva tiltak statsråden vil setje inn for å hjelpe dei ramma bøndene, raskt nok, slik at dei får den hjelpa dei treng.

 

Spørsmål nr. 1459 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Olaug Bollestad  

Eg viser til spørsmål nr. 1459 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Olaug Bollestad (KrF) til landbruks- og matministeren:

"Jeg viser til det rekorddårlig været på Vestlandet som ødelegger avlinger for bønder i Rogaland. Norges Bondelag og andre etterlyser at det må på plass tiltak som raskt kan settes i gang når slike situasjoner oppstår. Hvilke tiltak vil statsråden sette inn for å hjelpe de rammede bøndene raskt nok, slik at de får den hjelpen de trenger?"

Eg vil fyst peike på at det allereie er etablert rutinar og ordningar som bidreg til å dekke tap ein bonde får om han får skade på avlinga som skuldast klimatiske forhold. Ordninga er ikkje nokon form for inntektsgaranti, men skal vere eit tryggleiksnett i år med klimatiske utfordringar. Avlingsskadeordninga vert finansiert av middel over jordbruksavtala og staten og jordbruket er einige om innhaldet i regelverket.

Når det gjeld situasjonen på Vestlandet, er styresmaktene kjent med at det har vore mykje dårleg vêr. Det vil likevel vere vanskeleg å seie noko om omfanget av moglege avlingsskader før vekstsesongen nærmar seg slutten. Bøndene kan finne informasjon om avlingsskadeordninga både på Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet sine nettsider. Lokale landbruksmyndigheiter vil óg kunne gi informasjon om ordninga.

Med helsing

Jon Georg Dale