Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om tiltakspakke for å kompensera for tørka som har råka jordbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om kva tid regjeringa vil koma med ei økonomisk tiltakspakke for å kompensera for tørka som har råka jordbruket.

Svar på spørsmål nr. 2006 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad

Representant Geir Pollestad har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

"Kva tid vil regjeringa koma med ei økonomisk tiltakspakke for å kompensera for tørka som har råka jordbruket?"

Tørkesituasjonen er ei stor utfordring for jordbruket, og eg har difor sett i verk ei rekke tiltak for å avhjelpe følgjene av tørka. Eg er ikkje samd i premisset for spørsmålet om at ingen av tiltaka som til no er gjennomførte, er utan stor økonomisk verdi for enkeltbønder. Lite overlagra grovfôr og svikten i grovfôravlingane gjer at prisen på grovfôr aukar. Fleire av tiltaka vil bidra til å auke tilgangen på grovfôr, og på den måten halde prisane på eit lågare nivå enn det som elles ville vore tilfellet.

Vidare er det til dømes gjort klart at bønder som slår umoge korn til grovfôr, skal få areal-tilskot som korn, at inntekt frå ein ettervekst ikkje skal trekkast frå i berekninga av erstatning og at ein vil ha rett til tilskot til ingen/utsett jordarbeiding i Regionale miljøprogram, sjølv om ein sår ein ettervekst. Dette kan bety eit monaleg beløp for eit kornbruk av ein viss storleik, avhengig av avling og prisen ein oppnår for raigraset.

Jordbruksavtalen har ei godt innarbeidd erstatningsordning for avlingsskade, som jordbruket og staten er samde om. Med dei foreløpige og usikre prognosane for avlingar, som fylkesmennene ga 1. august, vil denne ordninga kunne gje ei utbetaling av erstatning på over 1 milliard kroner. Budsjettramma for jordbruksavtalen for 2018 er på 15,1 milliardar kroner. Av dette er 43 mill. kroner løyving til erstatningsordninga. Det må difor til ei stor tilleggsløyving for å finansiere erstatninga. Dei førebelse tala syner at det kan være i ein størrelse på om lag 1 mrd. kroner ekstra til avlingsskade-erstatningsordninga. Den direkte overføringa frå statsbudsjettet til bonden aukar dermed og bidreg til å avhjelpe situasjonen. Store deler av desse kostnadane vil påløpe i inneværande år, og regjeringa vil kome til Stortinget med forslag til å handtere desse kostnadane gjennom dei ordinære budsjettprosessane. Utbetalinga til bøndene vil starte så fort søknadene er handsama.

Regjeringa har vist, og vil vise vilje til å finne løysingar som avhjelp situasjonen for bøndene. Det er i ein slik situasjon avgjerande at ein med ytterlegare tiltak treff dei grupper av bønder som no opplev situasjonen som mest krevjande. Det er også avgjerande at ein ivaretek dette på ein slik måte at ein unngår unødig stor utslakting av produksjonsdyr. 
Eg meiner staten og jordbrukets organisasjonar bør drøfte om ein kan gjere det meir treffsikkert gjennom å bruke jordbruksavtalens virkemiddel, enn vi vil oppnå dersom vi gjer einsidige endringar i avlingsskadeerstatnings-ordninga for 2018. På den bakgrunn har eg invitert jordbruket til å reforhandle jordbruksavtalen. Eg avventar tilbakemelding frå jordbruket på invitasjonen. 
I mellomtida vil vi arbeide med det faglege grunnlaget for endringar i samarbeid med jordbrukets organisasjonar. 

Eg vurderer også fortløpande andre tiltak som kan avhjelpe situasjonen for bøndene. Viktigast av alt er alle grep vi har gjort og kan gjere for at bøndene har alle insentiv til å hauste mest mulig fôr. Dernest er likviditetssituasjonen for ein del bønder krevjande, det gjer at rask saksbehandling av avlingsskadesøknader samt auka forskotsutbetaling er høgt prioritert. 

Regjeringa har allereide varsla at situasjonen vil kome til å medføre auke bevilgningsbehov i 2018, og vil kome attende til omfang på det når situasjonen er meir oversikteleg. I mellomtida vil regjeringa søke å finne gode løysingar saman med jordbruket. 

 

Med helsing

Jon Georg Dale
statsråd