Svar på skriftleg spørsmål om utgreiing om matkastelov

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen (A) om utgreiing om matkastelov.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 76 frå representanten Nils Kristen Sandtrøen 

Stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar: 

"I forslaget til statsbudsjett står det at utredningen om matkastelov er gjennomført oq at regjeringen ikke vil gjennomføre ytterligere tiltak, samtidig som det foreslås å kutte bevilgninger både til Matsentralen og Matvett. Når vil regjeringen leqge frem denne utredningen og vil den bli sendt på høring? 

Svar:
Departementet har gjennomført ei utgreiing i tråd med Stortinget sitt oppmodingsvedtak. Utgreiinga er no offentleg tilgjengeleg på departementet si heimeside: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/utgreiing-av-behov-for-matkastelov/id2576583/  

Eg vurderer det ikkje som naudsynt å sende utgreiinga på høyring.  

Med helsing  

Jon Georg Dale