Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om den veterinære beredskapen på Svalbard

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Trine Skei Grande (V) om regjeringen har fulgt opp Stortinget sitt klare ynske om å styrke den veterinære beredskapen på Svalbard.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 1292 frå representanten Trine Skei Grande

Stortingsrepresentant Trine Skei Grande har stilt følgjande spørsmål til skriftleg svar:

"Hvordan har regjeringen fulgt opp Stortingets klare ønske om å styrke den veterinære beredskapen på Svalbard?"

Som omtalt i grunngjevinga til spørsmålet, er det lov om dyrehelsepersonell som fastset det offentlege (kommunane) si plikt til å sjå til at det er tilstrekkeleg tilgang på veterinærtenester og til å organisere ei klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Departementet har sett i gang ein gjennomgang av lov om dyrehelsepersonell. I den samanhengen vil det òg bli vurdert om - og i tilfelle i kva grad - lova bør bli gjort gjeldande på Svalbard.

Eg vil elles opplyse om at til tross for at dyrehelsepersonellova i dag ikkje gjeld på Svalbard, har departementet gjennom fleire år ytt eit tilskott til veterinærdekning på Svalbard. Etter søknad frå Svalbard Vet AS har selskapet i 2017 fått eit tilskott på 220.000 kroner over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Eg legg opp til å vidareføre dette tilskottet som har medverka til at det dei siste åra har vore stabil veterinærbemanning på Svalbard.

Med helsing

Jon Georg Dale