Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om virus som rammer jordbærplanter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om to alvorlege virus som rammar jordbærplanter.

Svar på skriftleg spørsmål nr 292 frå representanten Geir Pollestad

Stortingsrepresentant Geir Pollestad har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

"Mattilsynet har for første gang funnet to alvorlige virus som rammer jordbærplanter. Ingen av virusene har tidligere vært påvist i Norge, og begge ble funnet i bærfelt med importerte planter. Dette er et konkret resultat av regjeringens liberalisering av import. Hva vil statsråden gjøre for å rydde opp i skadene av egen politikk?"

Arbeidet med å liberalisere regelverket for import av planter til frukt- og bærproduksjon starta allereie under den raudgrønne regjeringa. Vinteren 2012/2013 vart det gjeve dispensasjon for import av plantemateriale av kjernefrukt (eple- og pæretre).

I 2012 var det òg eit stort engasjement frå deler av næringa for å opne opp for import av produksjonsklare jordbærplanter. Mange hevda at dette var avgjerande for lønnsemda. Landbruks- og matdepartementet som hadde statsråd frå Senterpartiet på denne tida, fekk ei rekkje førespurnader om dette. Mattilsynet gjorde ein samfunnsøkonomisk analyse som synte at det ville vere lønsamt å heve importforbodet mot jordbærplanter.

I ei nettmelding frå departementet 6. juni 2013 vart det varsla at Mattilsynet mellom anna på bakgrunn av denne kartlegginga, skulle vurdere om det var forsvarleg å anbefale å heve importforbodet. Endringsforskrifta som opna for import av jordbærplanter frå og med 1. januar 2015, var i tråd med Mattilsynet si tilråding.

Liberaliseringa som representanten Pollestad viser til, var altså godt i gang medan Senterpartiet hadde landbruks- og matministeren.

Politikk handlar i stor grad om å vege ulike alternativ opp mot kvarandre. Import kan auke risikoen for å få inn smittestoff og andre skadegjerarar, men det betyr ikkje at vi i Noreg kan isolere oss fullstendig. Vi er avhengig av handel med andre land, både til konsumvarer og for innsatsfaktorar, som til dømes plantemateriell. I denne saka, har det vore viktig å sørgje for at produsentane får betre moglegheit til å produsere gode jordbær til den norske forbrukar, og for å lukkast med dette var det viktig å opne opp for import av jordbærplanter.

Næringa har i sin dialog med styresmaktane vore særs tydelege på at import av plantemateriale er viktig både for lønnsemda og framtida til eple- og jordbærproduksjonen i Noreg. Endringane i regelverket har gitt optimisme til næringa. Importplanter av jordbær har til dømes utvida sesongen for produksjon, både i forkant av sesongen og ut over hausten. Avlinga kan og i mange tilfelle vere høgare.

Det har vore ei veldig positiv utvikling for norsk frukt- og bærproduksjon dei siste åra. Frå 2013 til 2016 auka førstehandsverdien av frukt og bær frå norske produsentar med 33 pst. Men, importandelen er framleis høg, så her er det potensial for ytterlegare vekst.

Vi kan elles aldri heilgardere oss mot sjukdommar på planter. Import av plantemateriale kan auke risikoen for at skadegjerarar følgjer med på lasset, og det er kjent for både næringa, forvaltninga og politikarane. Det regelverket Mattilsynet forvaltar, skal redusere risikoen for introduksjon og spreiing av smitte. Mattilsynet har òg eit overvakings- og kontrollprogram for virus i jordbærplanter og tek stikkprøver i verksemder som har jordbærfelt med importerte planter.

Det er den einskilde produsenten som har ansvar for å hindre spreiing av virussmitte. Jordbærprodusentar kan gjere ei rekke tiltak både for å hindre spreiing av virus som allereie er i anlegget, og for å førebygge introduksjon av ny virussmitte. Det er mellom anna viktig å forsikre seg om at innkjøpte planter er friske og tilfredsstiller krava i regelverket. Det er ikkje ulovleg å produsere bær frå eit anlegg med slik smitte, men det er ikkje tillate å selje plantemateriale frå smitta anlegg.

Mattilsynet har lagt ut råd om tiltak for å hindre smittespreiing på heimesidene sine: https://www.mattilsynet.no/planter_og_dyrking/planteskadegjorere/virus_og_viroider_i_planter/funn_av_alvorlige_plantevirus_i_jordbaerplanter.28490

Med helsing

Jon Georg Dale