Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om matkastelov og datostempling på matvarer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Knut Storberget (A) om utvalet som skal greie ut om matkastelov og datostempling på matvarer.

Stortingsrepresentant Knut Storberget har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar: 

"Hvordan vil statsråden sette sammen utvalget som skal utrede henholdsvis matkastelov og hvordan datostempling på matvarer kan forbedres for å redusere matsvinn?" 

Svar:
Regjeringa har byrja oppfølginga av oppmodinga frå Stortinget. I første omgang skjer oppfølginga i eit samarbeid mellom departement som saka vedkjem. Det vil vere behov for ei breiare involvering av relevante aktørar undervegs. Arbeidet vil ta noko tid og vil bli gjennomført i tråd med utredningsinstruksen. 

Vi vil halde Stortinget orientert om arbeidet på eigna måte. 

Beste helsing         

Jon Georg Dale