Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om forsøk på dyr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Grunde Almeland (V) om kva statsråden vil gjere for å oppfylle ambisjonane om mindre bruk av smertefulle forsøk på dyr.

Svar på spørsmål nr 619 frå representanten Grunde Almeland

Eg viser til spørsmål nr. 619 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Grunde Almeland. Spørsmålet lyd slik:

"Hva vil statsråden gjøre for å oppfylle ambisjonen om de 3 R-ene for mindre bruk av smertefulle forsøk på dyr?"

Dyrevelferdslova § 13 har reglar om bruk av dyr til forsøk, undervisning og i medisinsk verksemd. Det er krav om løyve frå Mattilsynet for å bruke dyr i forsøk. Godkjenning kan etter lova ikkje bli gitt viss ikkje prinsippa i 3R ("reduction", "replacement", "refinement") er lagt til grunn for forsøket.

Forskrift av 18. juni 2015 om bruk av dyr i forsøk og Instruks om Mattilsynet si forvaltning av forsøksdyrforskrifta, gjennomfører EU sitt direktiv (2010/63/EU) om bruk av dyr til vitskapelege føremål. Direktivet er del av EØS-avtalen.

Prinsippet om dei 3R-ane går fram av føremålet med forskrifta, slik det er nedfelt i § 1.
Mattilsynet skal godkjenne alle verksemder som driv med forsøksdyr i Noreg. Det er òg Mattilsynet som handsamar dei enkelte søknadene om forsøk og bruken av forsøksdyr.

Kvar søknad om dyreforsøk blir vurdert ut frå ei kost-/nyttevurdering der dei 3R-ane er heilt sentrale, og alle søkjarane må gjere greie for desse i søknadsskjemaet. Mattilsynet har mellom anna oppnemnt seks ekspertar innanfor 3R til å hjelpa til med innspel i behandling av søknader.

Regjeringa arbeider med å oppretta ein Nasjonal komité i tråd med EU sitt forsøksdirektiv. Denne komiteen skal mellom anna vere rådgjevande organ for forvaltninga og dei enkelte forsøksdyravdelingane.

Mattilsynet er aktiv deltagar i PARERE som er eit nettverk innan EØS for alternative metodar til bruk av forsøksdyr, og som spesielt jobbar med metodar for testar av giftigheit utan bruk av forsøksdyr. Noreg kan difor òg gjere seg nytte av metodar som er utvikla gjennom forsking frå heile Europa.

Når det gjeld auken i bruk av forsøksdyr, har eg fått opplyst frå Mattilsynet at dette fyrst og fremst har samanheng med at uttesting av nye anti-lakselusmetodar er omfatta av søknadsplikt, og at det i forsøk innan akvakultur blir brukt eit relativt stort tal individ.

Eg meiner vi med dette oppfyller målsettinga i dei 3R-ane om mindre bruk, betre bruk og alternativ til bruk av forsøksdyr.

Med helsing

Jon Georg Dale