Svar på skriftleg spørsmål om oppfølging av handlingsplan for Inn på tunet (2013-2017)

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) om oppfølging av handlingsplan for Inn på tunet (2013-2017) og målsettingane i Meld St (2013-2014) for Inn på tunet.

Eg syner til spørsmål nr. 42 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten  Kjersti Toppe (SP) til landbruks- og matministeren:

Hvordan er handlingsplanen for Inn på tunet (2013-2017) og målsettingene i Meld. St (2013-2014) for Inn på tunet fulgt opp, opplistet på hvert fylke, hva er gjort for å utvikle tilbudet for de tre områdene som særlig skulle prioriteres og hva er antallet gårdsbruk og antall brukere i ordningen fordelt på årene 2012 og til i dag?

I Meld.St 31 Garden som ressurs - marknaden som mål, seier regjeringa at ho vil fylgje opp Handlingsplan for Inn på tunet (2013 – 2017) og satsingsområda som er i planen. LMD samarbeider med fleire departement om å nå måla i handlingsplanen for Inn på tunet. Inn på tunet(IPT) blir satt på dagsorden gjennom konkret politikkutforming og i politiske dokument. Gode dømer på dette er at Inn på tunet er synleggjort som aktuelle åtgjerder m.a. i demensplan 2020, i den nye folkehelsemeldinga og i integreringsmeldinga. Her blir Inn på tunet lansert som arena for aktivitetar, arbeid og språktrening. 

I tråd med Handlingsplanen for IPT, samarbeider departementa òg om utarbeiding av rettleiande materale for dei tre prioriterte områda. LMD og Kunnskapsdepartementet (KD) lanserte i 2015 ein nasjonal rettleiar for garden som læringsarena for barn og unge. No blir det arbeida saman med Helsedirektoratet og nasjonalt kompetansesenter for Aldring og helse om ei nasjonal handbok for IPT-baserte dagaktivitetar for personar med demens. Planen er å lansera handboka i desember i år.

Gjennom Utviklingsprogrammet for landbruksbasert vekst og verdiskaping har regjeringa auka satsinga på landbruksbaserte næringar. Programmet er no på 100 millionar kroner. Fleire Inn på tunet-verksemder nyttar verkemidla i programmet, mellom anna til vekstbedrifter, nettverk og kompetanse. I sommar blei det, med stønad frå utviklingsprogrammet, oppretta ein landsomfattande bransjeorganisasjon, Inn på tunet Norge SA. Inn på tunet Norge SA vil mellom anna fremje sal av tenester og marknadsføre Inn på tunet mot aktuelle kjøpargrupper.  

Eg vil syne til at det i 2015 blei gjort ei evaluering av Inn på tunet-løftet, ei satsing der 77 kommunar deltok. Evalueringa syner at kommunane meiner IPT-tilboda som blei etablert gjennom IPT-løftet, er økonomisk lønsame for kommunen. Det er jamvel ei utfordring at IPT-tilbodet ofte blir saldert bort i kommunebudsjettet, og det er framleis naudsynt å få fram alternativkostnadene for kommunane. 

Resultata frå ei spørjeundersøking til tilbydarane i 2015 syner stor variasjon i ulike aktivitetstilbod der dei mest vanlege er tilrettelagt undervisning for barne- og ungdomsskoleelevar, avlastnings-, ferie- og fritidstilbod til barn og ungdom og dagtilbod for personar med psykiske lidingar. Vi har ingen målingar av talet på brukarar av tilboda samla sett. Eg er oppteken av å arbeide vidare med å gjere statistikkgrunnlaget for Inn på tunet betre. 

Godkjennings- og merkeordninga, samt nasjonal nettside for IPT, blir drifta av Matmerk. Eg vil poengtere at målet ikkje i seg sjølv er å etablere flest mogleg IPT-tilbod, men at tilboda som finst skal vere av god kvalitet, og at dei svarar på samfunnet sine utfordringar og behov. Tabellen under syner at 400 IPT-garder har vorte godkjent i perioden frå 2012 - 2016. Fylkesoversikten syner at det per i dag er 378 gardar med godkjenning og fylkestala er korrigert for at 22 tidlegare godkjente gardar anten har slutta med Inn på tunet- verksemd eller ikkje lenger oppfyller eit eller fleire av krava i godkjenningsordninga. Tabellen under syner utviklinga i tal på godkjente IPT- verksemder 2012 -2016. (Kjelde: Matmerk).

Årstall

Tal godkjente IPT-bedrifter

Akkumulert tal IPT- bedrifter

2012

92

92

2013

139

231

2014

71

302

2015

71

373

2016 (jan. -okt.)

27

400

Totalt

 

400

Talet godkjende IPT-verksemder pr. fylke 2012 - 2016 fordeler seg slik: 

Fylke

2012

2016

Østfold

1

10

Akershus

9

31

Oslo

0

1

Hedmark

9

33

Oppland

4

26

Buskerud

4

22

Vestfold

4

12

Telemark

5

14

Aust Agder

3

6

Vest Agder

3

8

Rogaland

9

21

Hordaland

12

36

Sogn og Fjordane

3

17

Møre og Romsdal

4

17

Sør-Trøndelag

4

35

Nord Trøndelag

6

30

Nordland

3

21

Troms

6

25

Finnmark

3

13

Totalt

92

378

Med bakgrunn i denne gjennomgangen er mi vurdering at arbeidet med å følgje opp og gjennomføre tiltaka i Handlingsplan for Inn på tunet, er godt i rute. 

Med helsing   

Jon Georg Dale