Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om retningslinjene for bruk av skjønn i frådelingssaker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) på retningslinjene for bruk av skjønn i frådelingssaker i tettbygde strøk i forhold til grisgrendte strøk.

Spm nr 1270 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Jenny Klinge - Er det forskjell på retningslinjene for bruk av skjønn i fradelingssaker i tettbygde strøk i forhold til grisgrendte strøk

Eg viser til spørsmål nr. 1270 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Jenny Klinge (SP) til landbruks- og matministeren:

"Er det skilnad på retningslinene for bruk av skjønn i frådelingssaker i tettbygde strøk i forhold til i grisgrendte strøk, og er det skilnad på utfallet i ulike fylke når fylkesmenn bruker skjønn i saker som gjeld frådeling av hustomt frå gardsbruk i drift?"

Det er reglar både i jordlova og i plan- og bygningslova som er aktuelle når ein ynskjer å dele frå ei hustomt frå eit gardsbruk.

Jordlova, som ligg under Landbruks- og matdepartementet, § 9 inneheld eit forbod mot omdisponering av dyrka og dyrkbar jord, og kommunen kan berre gje samtykke til omdisponering når det ligg føre "særlege høve". Omsynet til busetjing kan være eit av fleire nasjonale omsyn i vurderinga. Jordlova § 12 om forbod mot deling skal mellom anna sikre og halde eigedomens ressurser samla. Omsynet til busetjing er eit av flere moment som skal vurderast.

Kommunane skal nytte lokalt skjønn i disse sakene, og retningslinene opnar for å leggje vekt på om hustomta ligg i eit grisgrendt strøk. I rundskriv M-1/2013 står det følgjande: "Mens det i sentrale strøk er særlig viktig å sikre et sterkt jordvern og rasjonelle eiendommer, vil det i distriktene ofte være viktig å legge til rette for en bruksstruktur som sikrer bosettingen på best mulig måte."

I tillegg til jordlova, kjem reglar i plan- og bygningslova til anvending når ein ynskjer å dele frå ei boligtomt i eit område som ligg i eit landbruksområde (LNF-område) i kommuneplanen. I slike høve skal ein ha dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19-2. Dette er ei lov som ligg under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I saka du viser til, har kommunen gjeve løyve etter jordlova §§ 9 og 12, men kommunen sitt vedtak om å innvilge dispensasjon etter plan- og bygningslova er påklaga av fylkesmannen til settefylkesmann. Eg kan ikkje kommentere ei enkeltsak som ikkje er avgjort.

Fylkesmannen brukar skjønn i vurderinga av om han skal påklage eit vedtak om dispensasjon etter plan- og bygningslova. Jordvern er eit av fleire kriterie ein skal leggje vekt på. Det fins ikkje tall på om det er forskjell på utfallet i ulike fylke når fylkesmenn brukar skjønn i saker som gjeld frådeling av hustomt frå gardsbruk i drift.

Eg vil likevel understreke at regjeringa har foreslått fleire endringar i jordlova, konsesjonslova, priskontrollen og delingsbestemmelsen for å gi den private grunneigaren større råderett over eigen eigedom. Senterpartiet har i dei fleste høve røysta mot slike naudsynte endringar som ville styrka den private eigedomsretten.

Eg vonar Senterpartiet i framtida i større grad vil legge vekt på privat eigedomsrett i arealsaker, regjeringa vil raskt kunne kome attende til Stortinget med slike forslag dersom eg skal forstå spørsmålet slik at Senterpartiets posisjon no er endra.

Med hilsen

Jon Georg Dale