Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om vidareføring av melkeproduksjon på Nygården

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Heidi Greni (Sp) om Iandbruks- og matministeren vil bidra til ei løysing i saka knytt til vidareføring av melkeproduksjonen på garden Nygården på Ørlandet.

Skriftlig besvarelse av spm nr 1564 fra stortingsrepresentant Heidi Greni

Eg viser til spørsmål nr. 1564 til skriftleg svar frå representanten Heidi Greni. Spørsmålet lyd slik:

"Mattilsynet har meddelt eieren av gården Nygården i Ørland at dagens dispensasjon fra støykravene for å drive husdyrhold fra daqens driftsbygninger, ikke vil bli videreført etter 2017. ViI Iandbruksministeren bidra til en løsning i saken knyttet til videreføring av melkeproduksjonen på Gården Nygården gjennom at driftsbygningen flyttes vekk fra umiddelbar nærhet til hovedinnkjøring/hovedvakta til Ørland Flystasjon?"

Etter det eg har fått opplyst frå Mattilsynet, har dei ikkje fatta noko vedtak knytt til støykrav for denne garden. Derimot har Mattilsynet for beitesesongane 2014, 2016 og 2017 etter søknad gitt dispensasjon frå regelverket om mosjon for storfe. Dette regelverket krev at storfe skal på beite om sommaren, men der eigna beite ikkje er tilgjengelig kan det alternativt nyttast luftegard.

Mattilsynet har i svar på dispensasjonssøknaden både for 2016 og 2017 uttalt at i saker som denne, der garden er omkransa av vegar slik at det er vanskeleg å få dyra på beite, har tilsynet ikkje praksis for å gi varig dispensasjon frå mosjonskravet.

For øvrig viser eg til mitt svar av 4. september 2017 om same sak.

Med helsing

Jon Georg Dale