Svar på skriftleg spørsmål om tiltak for å sikre midlar i Statsbudsjettet 2018

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) om administrative tiltak for å sikre midlar i statsbudsjettet kap.1149 post 75.

Svar på Spørsmål nr. 668 frå stortingsrepresentant Steinar Reiten - om administrative tiltak for å sikre at midlane på kap.1149 post 75 i statsbudsjettet blir lyst ut i tråd med fleirtalsmerknad i Innst. 8 S (2017-2018)


Eg viser til følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Steinar Reiten av 10. januar:
Kan statsråden bekrefte at nødvendige administrative tiltak er blitt gjort for å sikre at midlene på kap. 1149, post 75 i statsbudsjettet for 2018 blir lyst ut og brukt i tråd med intensjonen, slik denne er uttrykt i flertallsmerknad på s. 65 i Innst. 8 S (2017-2018)?

I tråd med fleirtalsmerknaden på s. 65 i Innst. 8 (2017-2018) vil midlane bli forvalta av Innovasjon Norge. Føringane for bruken av midlane jf. fleirtalsmerknaden, vil gå fram av oppdragsbrev til Innovasjon Norge for 2018. Brevet vil venteleg bli sendt ut i løpet av januar. Det vil bli presisert at midlane må nyttast til formålet i inneverande budsjettår.

Eg er oppteken av at det er brei kjennskap til alle dei bedriftsretta verkemidla på landbruks- og matområdet forvalta av Innovasjon Norge. Oppdragsbrevet blir difor sendt i kopi til alle fylkeskommunar, fylkesmenn, samt faglaga innan jord- og skogbruk.

Med helsing

Jon Georg Dale