Svar på skriftleg spørsmål om  fordelingen mellom kjøpargrupper på selde eigedomar og selt areal

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Morten Ørsal Johansen (FrP) om fordelingen mellom kjøpargrupper på selde eigedomar og selt areal der konsesjon er gitt i Statskog SF sitt arronderingssal.

Spørsmål nr 385 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Morten Ørsal Johansen

Eg viser til spørsmål nr. 358 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Morten Ørsal Johansen (FrP) til landbruks- og matministeren:

"Hvordan er fordelingen mellom kjøpergrupper på henholdsvis solgte
eiendommer og solgt areal, der konsesjon er gitt, i Statskog SF sitt
arronderingssalg?"

I følgje informasjon frå Statskog SF er det så langt selt og gitt konsesjon på i alt 199 eigedomar på til saman 431 055 daa. Gjennomsnittsstorleik på dei selte eigedomene er på 2166 daa.

Kjøparane fordeler seg slik der konsesjon er gitt:

  • Lokale kjøparar: 137 (283 420 daa), 69%(66%)
  • Miljødirektoratet: 24 ( 55 086 daa), 12%(13%)
  • Andre: 24 ( 72 281 daa), 12%(17%)
  • Kommunar: 14 ( 20 268 daa), 7%( 5%)

Tala i parentesar viser fordelinga på areal, dei andre viser fordelinga på eigedomar.

Statskog SF opplyser at lokale kjøparar i all hovudsak er jord- og skogeigarar i same kommune som skogareala ligg, medan gruppa "Andre" for det meiste er jord- og skogeigarar i nabokommunar.

Med helsing

Jon Georg Dale