Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om jordbrukspolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om regjeringa vil legge til grunn jordbrukspolitikken i Innst 251 S (2016-2017).

Spm nr 753 til skriftleg besvarelse frå stortingsrepresentant Geir Pollestad - Vil regjeringa legge til grunn jordbrukspolitikken i Innst 251 S (2016-2017)

Representanten Pollestad stilte følgande spørsmål: "Vil regjeringa legge til grunn Stortinget sin jordbrukspolitikk slik den er nedfelt i Innst. 251 S (2016-2017) for sin jordbrukspolitikk eller vil ein berre leggje til grunn politikken som H, FRP, V og KrF står bak?"

I stortingsperioden 2013-2017 har Landbruks- og matdepartementet levert ei rekke saker til Stortinget. Desse er primært gjort opp blant dei fire partia som hadde fleirtal og som samarbeidde med basis i ein samarbeidsavtale. Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg folkeparti.

Ved valet hausten 2017 fekk desse fire partia på nytt fleirtal. Etter at Venstre, gjennom framlegginga av regjeringa si politiske plattform, no kjem inn i regjeringa, styrker dette regjeringa sitt parlamentariske grunnlag. Likevel er regjeringa framleis avhengig av støtte frå minst eitt parti for å etablere fleirtal på saker som skal handsamast i Stortinget.

Regjeringa si politiske plattform baserer seg derfor på det politiske fleirtalet som desse fire partia framleis har. Regjeringa vil naturlegvis likevel følgje med på utviklinga i næringa framover, og ved behov fremme saker for Stortinget som svarer på utfordringar som næringa står ovanfor. Eg vil også kome attende til Stortinget med svar på bestillingar som Stortinget har gjort i perioden vi har bak oss.

Etter valet har Senterpartiet, etter det eg har registrert, varsla at dei vil vere eit konstruktivt opposisjonsparti som vil søke gjennomslag. Eg vonar difor at Senterpartiet i likskap med andre parti på Stortinget, er opne for forslag som løyser utfordringar for landets matprodusentar.

Med helsing

Jon Georg Dale