Svar på skriftleg spørsmål om Mattilsynet sitt arbeid med å forebygge og avdekke dyretragediar

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen (A) korleis statråden vil sikre at Mattilsynet sitt arbeid med å forebygge og avdekke dyretragediar ikkje blir svekka.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 442 frå representanten Nils Kristen Sandtrøen

Eg viser til spørsmål nr. 442 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen. Spørsmålet lyd slik:

"Hvordan skal statsråden sikre at Mattilsynets viktige arbeid for å forebygge og avdekke dyretragedier ikke svekkes, når bevilgningene kuttes kraftig som følge av budsjettforliket mellom Høyre, FrP, KrF og Venstre?"

I budsjettforliket vart regjeringspartia, KrF og Venstre samde om å redusere Mattilsynet sitt budsjett med 25 mill. kroner. Det vart lagt til grunn at innsparinga skal skje ved reduserte administrasjonskostnader. Denne føringa frå stortingsfleirtalet gir rom for at Mattilsynet kan vurdere om etaten kan verte meir kostnadseffektiv gjennom endringar i den administrative strukturen.

Eg har forventing om og er trygg på at Mattilsynet fortsatt vil vere leveringsdyktige på sine viktige ansvarsområde, både innan dyrevelferd, dyre- og fiskehelse og mattryggleik.

Når det gjeld førebygging og avdekking av dyretragediar spesielt, er eit effektivt og risikobasert tilsyn frå Mattilsynet viktig. Vel så viktig er det at Mattilsynet blir varsla i tråd med den varslingsplikta alle har etter dyrevelferdslova når det er grunn til å tru at dyr blir utsett for mishandling eller alvorleg omsorgssvikt. Mattilsynet vil fortsatt ha merksemd på å følgje opp slike varsel.

Med helsing

Jon Georg Dale