Svar på skriftleg spørsmål om tilskot gitt til jord og driftsbygningar

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand (Sp) om tilskot gitt til jord og driftsbygningar.

Svar på spm. Nr. 889 frå stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand -  tilskot gitt til jord samt alle tilskot til driftsbygningar år for år  2000 - 2016/17 samt for Oppland og Hedmark

Eg viser til spørsmål nr. 889 frå stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand 7. februar. Representanten Strand stilte følgjande spørsmål:

Kan statsråden gi en oversikt over alle tilskudd gitt til jord (som nydyrking, grøfting og jordveier o.l.) samt alle tilskudd til driftsbygninger (som rentestøtte, lån og tilskudd) år for år i perioden 2000-2016/17, og i tillegg ta med oversikt over tilsvarende fordeling i Oppland og Hedmark fylke for same perioden?

Oversikt over tilskot gitt til jord
Det er hovudsakleg 5 tilskotsordningar som har hatt som mål å bidra til å halde jord i hevd. Dette er tilskot til nydyrking, tilskot til grøfting, tilskot til planering, tilskot til senking- og lukkingsanlegg og tilskot til jordbruksvegar. SMIL-ordninga med tilskot til m.a. utbetring av hydrotekniske anlegg bidreg òg til å halde jordbruksjord i hevd. SMIL-ordninga kan òg nyttast til andre forureiningsreduserande tiltak og kulturlandskapstiltak. I Hedmark er det til dømes bygd mange fangdammar og "fugledammar" av omsyn til biologisk mangfald.

Tilskot til planering tok slutt i 1985 og tilskot til senkings- og lukkingsanlegg tok slutt i 1988. Begge ordningane har hatt mykje å seie for utforminga av dagens jordbrukslandskap.

Tilskot til nydyrking
Finansieringsstøtte til nydyrking har blitt gitt sidan slutten av 1800 talet. Tilskot til nydyrking blei formelt etablert frå 1918. Ordninga heldt fram til og med 1990, med enkelte justeringar. Også i 1991 blei det gitt tilskot til nydyrking, då som ei overgangsordning under "tilskudd til istandsetting av jord", der det kunne bli gitt tilskot til nydyrking, grøfting, bygging av jordbruksvegar osv. Etter 1992 er det ikkje gitt statlege tilskot til nydyrking

Tilskot til grøfting/drenering
Tilskot til grøfting av dyrka jord har blitt gitt frå omlag 1920. Også denne ordninga heldt fram til og med 1990, då ordninga blei avvikla. Tilskot til grøfting blei innført på nytt i 1998 for Nord-Noreg og gjaldt i 1999 og 2000 for heile landet. Etter at denne siste landsdekkande ordninga blei avslutta i 2000 blei føremålet vidareført under BU-ordninga, hovudsakleg for Nord-Noreg (jf. tabell 4). Tilskot til grøfting var lågt prioritert innanfor ordninga og vart avvikla i 2009. I 2012 blei det på nytt bestemt å innføre eit nasjonalt tilskot til grøfting. Frå og med 2013 er det gitt tilskot til grøfting/drenering. Satsen for tilskot blei auka til 2000 kr pr. daa i 2017, og dette ga ei markert endring i søknadspågangen.

Tabell 1 Løyvde tilskot til drenering, 2013-2017

År

Heile landet
mill. kroner

Hedmark
mill. kroner

Oppland
mill. kroner

2013

55,0

8,4

6,5

2014

61,9

8,9

3,9

2015

37,7

3,7

2,1

2016

33,1

3,6

1,3

2017

114,7

14,4

2,9

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Kommunale tilskot til nydyrking og grøfting.
Fleire kommunar gir kommunalt tilskot til nydyrking og/eller grøfting. Kommunane rapporterer ikkje på dette, og samla omfang av dette er ukjent. Tilskotet er ikkje ubetydeleg i dei områda det gjeld, men det har truleg mindre å si for det totale dyrkingsomfanget.

Private landbruksvegar i jordbruk og skogbruk
Tilskot til jordbruksvegar var ei ordning på statsbudsjettet frå omlag 1920 til 1990. Ordninga blei avvikla 1.1.1991. Det blei innført ei ny tilskotsordning for istandsetting av dyrka jord, der det m.a. kunne bli gitt tilskot til jordbruksvegar. Denne ordninga blei avvikla 1.1.1992. Etter dette har det i liten grad blitt gitt statlege tilskot til bygging av jordbruksvegar. 

Frå ordninga med tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) kan det bli gitt tilskot til bygging av private landbruksvegar. Tilskotet omfattar skogbruksdelen av landbruksvegen. Det blir ikkje gitt tilskot for den delen av kostnadane til vegen som kviler på jordbruket. Nokre av vegane kan ha nytte for både jordbruk og skogbruk, men tilskotet er knytt til skogbruksinteressene. 

SMIL (Spesielle miljøtiltak i jordbruket)
Investeringsstøtte til miljøtiltak blei innført i 1988 og har seinare blitt utvida og endra namn til SMIL, dvs. Spesielle miljøtiltak i jordbruket. Ein betydelig del av SMIL-midlane går til utbetring av hydrotekniske anlegg. Hovudmålet med dette tilskotet er å utbetre skader på eldre hydrotekniske anlegg for å redusere risiko for skader, erosjon og forureining. Tilskotet bidreg også til å halde jord i hevd, og til å bevare jorda som ressurs for matproduksjon.
Sjå tabell 2 for oversikt over løyving til ordninga det enkelte år.
Dei største utfordringane knytt til gamle hydrotekniske anlegg finn ein normalt i leirjordområda, og gjerne i samband med gamle planeringar. Dette er ikkje typisk for Hedmark og Oppland, som normalt nyttar ein mindre del av SMIL-midlane til slike tiltak. 

Tabell 2: Løyvde tilskot til hydrotekniske anlegg i perioden 2000-2017

År

Løyvde tilskot til hydrotekniske anlegg i mill. kroner

Nasjonalt

Hedmark

Oppland

2000

7,6

0,4

0,1

2001

6,9

0,4

0,05

2002

9,3

0,6

0,01

2003

7,7

0,3

0

2004

8,0

0,3

0,03

2005

9,0

0,3

0,01

2006

11,6

0,5

0,01

2007

11,1

0,2

0,01

2008

14,1

0,4

0,1

2009

16,3

0,5

0,2

2010

18,5

0,6

0,08

2011

20,9

1,0

0,03

2012

26,8

1,3

0,1

2013

31,7

2,3

0,1

2014

39,2

2,7

0,2

2015

31,3

1,9

0,06

2016

32,7

2,9

0,08

2017

51,6

2,0

0,08

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Oversikt over tilskot gitt til driftsbygningar
Støtte til investeringar i driftsbygningar i perioden 2000-2017 har hovudsakleg blitt gitt over bygdeutviklingsmidlane, som frå 2015 endra namn til investerings- og bedriftsutviklingsordninga (IBU-ordninga). Det har i perioden 2000-2017 blitt gitt støtte i form av tilskot, lån og rentestøtte. Tabell 3 gir ei oversikt over investeringsstøtte gitt innanfor tradisjonelt landbruk i perioden 2000-2017. Størstedelen av støtta innanfor tradisjonelt landbruk har gått til investeringar i driftsbygningar. I perioden 1999-2002 vart det gitt rentefrie investeringslån. Desse vart erstatta med ei ordning der det blei gitt tilskot til nedskriving av lån, den såkalla rentestøtteordninga. Då målet med ordninga i stor grad kunne dekkast innanfor det ordinære investeringstilskotet, samt var krevjande å forvalte, vart ordninga avvikla i samband med jordbruksoppgjeret 2015. Tall i tabell 3 knytt til grøfting og kjøp av tilleggsareal gjeld for fylka Troms og Finnmark.

Det har i tillegg til dette blitt gitt lån til landbruksføremål over lågrisikolåneordninga finansiert over Nærings- og fiskeridepartementet sine budsjett. Innovasjon Noreg har tall for årleg lånebeløp til landbruket i perioden 2005-2017. Sidan 2014 har Innovasjon Noreg hatt ein ambisjon om reduksjon av utlånsvolumet til landbruk. Innvilgning av lågrisikolån til landbruket har av den grunn blitt redusert dei siste åra.

Tabell 3: Tilskot, lån og rentestøtte til tradisjonelt landbruk i perioden 2000-2017, mill. kroner

År

Tilskot

Rentefrie BU-lån

Låneramme rentestøtte

Grøfting

Kjøp av tilleggsareal

Lågrisikolån

2000

84,7

117,9

 

40,7

2,7

 

2001

96,3

125,3

 

2,7

4,2

 

2002

160,8

151,4

 

2,7

2,0

 

2003

127,4

 

325,5

2,5

2,3

 

2004

136,9

 

383,6

2,3

2,5

 

2005

234,5

 

573,3

1,3

1,3

607,5

2006

192,3

 

553,9

1,1

3,2

489,2

2007

201,0

 

582,2

0,6

2,2

357,9

2008

209,1

 

657,7

0,4

2,8

508,7

2009

304,1

 

831,6

0,4

4,1

688,0

2010

286,0

 

949,3

0,2

1,6

632,0

2011

271,2

 

905,0

1,9

4,8

612,6

2012

334,3

 

1063,7

0,6

3,7

869,2

2013

375,6

 

1056,9

0,5

1,8

915,7

2014

371,5

 

939,5

 

 

503,6

2015

438,0

 

1220,0

 

 

413,3

2016

458,8

 

 

 

 

416,5

2017

518,1

 

 

 

 

587,6

SUM

4800,6

394,6

10042,2

57,9

39,2

7601,8

Kjelde: Innovasjon Noreg

Tilskot og lån over IBU-ordninga gitt til Hedmark og Oppland går fram av tabell 4. Talmateriale for perioden 2005 – 2017 er innhenta frå Innovasjon Noreg. I perioden 2000-2004 vart midlane forvalta av Statens nærings- og distriktsutbyggingsfond. For perioden 2000-2004 er det difor oppgitt løyvinga departementet har gitt til dei to fylka innan tradisjonelt landbruk. 

I perioden 2004 til 2014 var delar av forvaltninga av investeringsverkemidla i landbruket i Oppland lokalt forvalta av dei to regionråda Valdres og Nord-Gudbrandsdalen. Også her er løyvinga frå departementet til dei to regionråda oppgitt. Desse tala omfattar løyving til både tradisjonelt landbruk og anna landbruksbasert næringsutvikling.

 

Tabell 4: Tilskot og rentestøtte tradisjonelt landbruk, Hedmark og Oppland 2000-2017, mill. kroner

 

Oppland1)

Hedmark

År2)

Inv. tilskot SND/IN

Låneramme rentestøtte SND/IN

Inv. tilskot Valdres og Nord-Gudbrandsdalen

Låneramme rentestøtte Valdres og Nord-Gudbrandsdalen

Inv. tilskot SND/IN

Låneramme  rentestøtte SND/IN

2000

20,5

 

 

 

18,4

 

2001

20,5

 

 

 

18,4

 

2002

21,8

 

 

 

19,6

 

2003

11,7

42,7

 

 

10,5

38,4

2004

7,1

26,1

6,9

16,6

10,5

38,4

2005

7,7

33,3

10,6

23,3

11,4

46,3

2006

7,0

26,8

10,6

23,3

8,2

51,8

2007

14,6

31,8

12,2

23,3

14,9

50,9

2008

11,5

30,0

12,2

23,3

18,2

54,0

2009

20,3

56,9

17,8

33,5

14,9

48,7

2010

16,8

56,5

13,8

33,3

31,3

103,2

2011

15,6

51,1

14,6

33,3

23,2

87,6

2012

20,9

57,4

13,8

33,3

24,1

89,0

2013

20,2

55,1

16,4

33,3

29,1

87,0

2014

18,1

37,0

15,0

33,3

29,4

97,8

2015

33,3

94,0

 

 

27,4

100,2

2016

37,9

 

 

 

27,8

 

2017

39,2

 

 

 

32,7

 

SUM

344,7

598,7

143,8

309,8

370,0

893,3

Kjelde: Innovasjon Noreg/LMD

1)    Investeringstilskot for Valdres og Nord-Gudbrandsdal omfattar løyving til både tradisjonelt  landbruk og anna landbruksbasert næringsutvikling.

2)    Tal for åra 2000-2004 for Hedmark og Oppland gjeld løyving frå departementet til fylka.

Med helsing

Jon Georg Dale