Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om videre prosess for gjødselsregelverket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om videre prosess for gjødselsregelverket.

Skriftlig besvarelse av spm. nr. 1330 fra stortingsrepresentant Geir Pollestad - Videre prosess for gjødselsregelverket

Eg syner til skriftleg spørsmål nr. 1330 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad 13. april. Pollestad stilte følgjande spørsmål:

Kva prosess legg regjeringa opp til når det gjeld handsaming av endringar i gjødselregelverket?

Landbruksdirektoratet, Mattilsynet og Miljødirektoratet leverte forslag til nytt gjødselregelverk 15. mars 2018. Forslaget er svar på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet i samråd med Klima- og miljødepartementet. Forslaget inneber mellom anna å dele regelverket i to delar, ein som omhandlar produktkrav til gjødselvarer, og ein som omhandlar lagring og bruk av gjødsel.

Det omtalte framlegget til nytt gjødselregelverk er nyleg utarbeidd. Eg vil no gå gjennom forslaga og på bakgrunn av den gjennomgangen gjere vurderingar knytt til vidare handtering av dette frå departementet si side. Fleire av problemstillingane som framlegget omtaler vil det være behov for å gjere grundige vurderingar av. Eg kan difor ikkje på noverande tidspunkt gi eit klart svar på kva prosessar som er hensiktsmessige for å avklare desse spørsmåla.

Dersom det vert aktuelt å følgje opp tilrådingane frå direktorata, er det ikkje unaturlig at aktuelle aktørar i næringa får gje sine innspel til arbeidet gjennom ei høyring.

Med helsing

Jon Georg Dale