Historisk arkiv

Svar på skriftlig spørsmål om jordbærsesongen og tilgang på arbeidskraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) jordbærsesongen og tilgang på arbeidskraft.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 2381 om jordbærsesongen og tilgang på arbeidskraft

Eg viser til skriftleg spørsmål nr. 2381 frå stortingsrepresentant Jenny Klinge.

Stortingsrepresentant Klinge har stilt følgjande spørsmål:

"Vil statsråden og regjeringa prioritere å finne ei løysing for grøntnæringa no som jordbærsesongen nærmar seg med stormskritt for å sørge for at næringa får tilgang på nødvendig arbeidskraft i tide?"

Eg forstår at situasjonen for næringa er krevjande når det gjeld høve til å få inn utanlandsk sesongarbeidskraft. Styresmaktene har lagt ned mykje arbeid med å finne gode løysingar, men det er eit avgrensa handlingsrom i ein pandemi. Det må vera svært strenge tiltak for å hindre smittespreiing. Det er førsteprioritet. Samtidig er det naudsynt at landbruket får tilgang på heilt kritisk arbeidskraft. Det har vore viktig å ivareta desse to omsyna på ein trygg måte.

Regjeringa har gjort mykje for at grøntnæringa skal få tilgang på arbeidskraft. Vi har sørga for at dei nærare 300 sesongarbeidarane som var koronafast i Noreg sidan i fjor, kan få for-nya opphaldsløyve for sesongen 2021. I tillegg har vi åpna for utvida opphaldsløyve for sesongarbeidarar som treng det.

For å rekruttere norsk arbeidskraft er det er gjort endringar i dagpengeregelverket slik at det skal bli lønnsamt for dei som er permittert eller arbeidsledig å ta seg arbeid i landbruket. Det er også oppretta tettare dialog mellom NAV og næringa, og NAV har tilsette som har fått spesielt ansvar for å hjelpe landbruket.

For å redusere økonomisk risiko har staten inngått avtale med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, om å vidareføre ordninga frå 2020 med erstatning for avlingssvikt som følgje av mangel på arbeidskraft under innhausting.

For å bidra til at grøntnæringa får auka tilgang på arbeidskraft, og for å kompensere for kostnadsauke knytt til arbeidskraft med behov for opplæring, har regjeringa i revidert nasjonalbudsjett gjort framlegg om å løyve 40 mill. kroner til ei mellombels refusjonsordning som skal dekkje opplæring av sesongarbeidarar i grøntnæringa. Med atterhald om god-kjenning av Stortinget, blei forskrift for ordninga fastsett 14.05.21. Ordninga gjeld for denne sesongen og skal bidra til at fleire går i gang med å rekruttere norsk arbeidskraft. Dette tiltaket vil også ha positiv effekt på lengre sikt, fordi det bidreg til at fleire ungdommar kan få si første arbeidserfaring i landbruket, og bli tilgjengeleg i fleire arbeidssesongar.

I tillegg til dette har vi den søknadsbaserte ordninga som Landbruksdirektoratet administrerar og som bidreg til å kvalitetssikre at utanlandske sesongarbeidarar som er strengt naudsynte skal kunne få innreise til Noreg. Landbruksdirektoratet handsamar søknader fortløpande. Omsynet til behovet for arbeidskraft blir vurdert opp mot smittesituasjonen. Det er nyleg gjort justeringar i vurderingskriteriane for ordninga med unntak frå innreiserestriksjonar i grøntnæringa.

Det er vanskeleg å planlegge i ein pandemi. Smittesituasjonen endrar seg raskt og det er den faktiske smittesituasjonen som i stor grad vil avgjera kor mange utenlandske sesong-arbeidarar som kan få sleppe inn til Noreg.

Med helsing

Olaug Vervik Bollestad