Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om kostnadar med å delta på Grüne Woche

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om kva økonomisk kostnad har departementet og andre statlege organ si deltaking og engasjement i arrangementet på Grüne Woche.

Svar på spm. Nr. 724 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Geir Pollestad

Stortingsrepresentanten Geir Pollestad har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

"No pågår Grüne Woche 2020 i Berlin. Ein god sjanse for norsk reiseliv, mat og landbruk til å syne seg fram for marknaden. Kva økonomisk kostnad har departementet og andre statlege organ si deltaking og engasjement i arrangementet?"

Den norske deltakinga på Internationale Grüne Woche (IGW) er organisert som eit prosjekt. Landbruks- og matdepartementet er prosjekteigar, medan Innovasjon Noreg leiar prosjektet. I gjennomføringa av prosjektet samarbeider vi òg tett med den norske ambassaden i Berlin.

Den offentlege andelen av prosjektet blir finansiert over Jordbruksavtala, nærare bestemt Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping. Programmet blir styrt av ei styringsgruppe med representantar for departementet, Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, HANEN, Fylkesmannen, fylkeskommunane og Norske reindriftssamar sitt landsforbund (NRL).

Kostnadane for deltakinga blir dekt i fellesskap av det offentlege og utstillarane i form av deira eigeninnsats. Den totale økonomiske kostnaden for det offentlege for deltakinga på IGW 2020 er 11,2 millionar kroner, og om lag 20 % av desse midlane blir fordelt på dei tre regionane som deltek. Om lag 9 % av dei totale kostnadane blir dekka inn gjennom sal frå restaurantdrifta på messa. Eg vil òg minne om den omfattande medieomtala som IGW får og spesielt omtala av utstillarane i regionale og lokale media.

Eg er samd i at deltakinga på IGW er eit godt høve for å presentere Noreg som eit mål for mat- og reiseinteresserte frå Tyskland. Det er den største internasjonale messa for mat og landbruk, og ei viktig tysk forbrukarmesse.

Deltakinga på messa er både eit næringsutviklingsprosjekt og eit omdømmeprosjekt. Deltakinga gir erfaring og internasjonal kompetanse for dei norske utstillarane. Dei norske utstillarane opplever deltakinga som eit kvalitetsstempel for eigen bedrift. Prosjektet inkluderer i tillegg andre viktige element som a) statsråden sin næringsdelegasjon, b) ein viktig, årleg møteplass for Matnasjonen Noreg, c) ein naturleg arena for faglege arrangement, og d) regiondagen som samlar politikarar og andre sentrale aktørar frå regionane som er representert på standen.

Noreg har deltatt på IGW i meir enn 30 år og norsk deltaking har òg ei viktig politisk side. Tyskland har utvikla IGW til å bli ein sentral møteplass, eit "Davos for landbrukspolitikk". Kvart år er den tyske landbruksministeren vert for eit ministermøte for over 70 kollegaer frå heile verda.

Med helsing

Olaug Vervik Bollestad