Svar på spm. 125 frå stortingsrepresentant Jenny Klinge

Fritak for eingongsavgift på politibilar

Eg viser til brev 29. oktober 2015 frå Stortinget sitt presidentskap vedlagt følgjande spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Jenny Klinge:

«Det er fritak for eingongsavgift ved erverv av enkelte køyretøy, det gjeld mellom anna ambulansar, brannbilar, pansra bilar til offentleg bruk og gravferdsbilar. Derimot er ikkje politibilar fritekne for eingongsavgift. Kva er bakgrunnen for dette, og meiner finansministeren reglane for alle desse køyretøya burde vore like?»

Svar:
Føremålet med eingongsavgifta har først og fremst vore å skaffe staten inntekter. Avgifta er i tillegg utforma slik at ein tek omsyn til miljø-, trafikktryggleik og fordeling. Ein må sjå dei ulike fritaka og satsane i avgifta i lys av dette.

I eingongsavgifta har ein forsøkt å skjerma nyttekøyretøy frå avgift. Dette heng saman med at ein i eingongsavgifta tradisjonelt har ønskja å avgiftsleggje sluttbruken. Dette viser seg mellom anna ved at tunge lastebilar og bussar ikkje er omfatta av avgifta, og at ein svarer redusert avgift for varebilar og drosjer. Fritaket for gravferdsbilar er også eit  døme på dette. 

Andre typar køyretøy er fritekne av omsyn til den særeigne karakter til køyretøya og deira særskilde bruksføremål. Dette gjeld mellom anna ambulansar og dei spesialutrusta køyretøya som brannvesenet nyttar. Av same omsyn er også pansra køyretøy til politiet fritekne frå avgift. Når brannvesenet, helsevesenet og politiet skaffar seg ordinære køyretøy, skal dei derimot svare avgift på vanleg måte.

I eventuelle løyvingsforslag om kjøp av nye politibilar vil ein ta med kostnadene til å dekke eingongsavgifta. Å frita politibiler frå eingongsavgift vil derfor ikkje spare staten for utgifter, berre flytte kostanden frå utgiftssida til inntektssida. Derimot vil eit slikt fritak kunne gjere at ein ikkje lenger oppnår dei ønska måla med avgifta, til dømes ønsket om å stimulere til kjøp av meir miljøvennlege køyretøy.

Eg vil elles vise til at regjeringa, saman med KrF og Venstre, har gjennomgått bilavgiftene i sin heilskap. Gjennomgangen blei presentert i revidert nasjonalbudsjett for 2015, sjå Meld. St. 2 (2014-2015). I gjennomgangen blei det mellom anna vist til at i eit effektivt og robust avgiftssystem bør ein ha så få unntaks-, fritaks- og særordningar som mogleg, og at eventuelle kompensasjonar for utslag som er urimelege eller ikkje ønska bør være mellombelse og skje på utgiftssida av budsjettet.

Med helsing

Siv Jensen