Historisk arkiv

Svar på spm. 1303 frå Stortingsrepresentant Ingrid Heggø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Vekst i inntekta til hushalda etter skatt

Eg viser til brev av 25. mars 2019 frå Stortinget si president vedlagt følgjande spørsmål frå Stortingsrepresentant Ingrid Heggø til skriftleg svar:

«Korleis er veksten i husholdningane si inntekt etter skatt per forbrukareinheit fordelt på desiler frå 2013 til i dag i Sogn og Fjordane fylke?

Begrunnelse:
Meld. St. 12 (2018-12019) viser at skildnadane aukar i Noreg. Utviklinga i husholdningane si inntekt etter skatt per forbrukseinheit er spesielt slåande. Dei 30 % med lågast inntekt har lågare inntekt i 2017 enn i 2013. Inntektsnedgangen for dei ti prosenta med lågast inntekt er på -1,3 %. Samtidig dreg dei rikaste i frå, med ei auke på 5,6 % i same periode.

Svar:
Det finst ikkje offentleg statistikk for utviklinga i inntekta til hushalda etter skatt per forbrukseining fordelt på desiler frå 2013 til i dag for dei enkelte fylka. Tabell 09557 i Statistikkbanken viser likevel tal for utviklinga i inntekta per forbrukseining akkurat i overgangen frå ei desilgruppe til den neste, der befolkninga er delt inn i ti like store grupper etter storleiken på inntekta. Tabell 1 nedanfor viser utviklinga i inntektene i overgangen mellom desilgruppene (P10-P90) i perioden 2013-2017 for Sogn og Fjordane fylke. 10 pst. av befolkninga vil ha ei inntekt etter skatt per forbrukseining som er lågare enn verdien representert ved P10. Tilsvarande vil 90 pst. av befolkninga ha ei inntekt som er lågare enn verdien representert ved P90.

Tabell 1 Utvikling i grenseverdiar (persentilar) for personar. Inntekt etter skatt per forbrukseining i nominelle kroner. Sogn og Fjordane. 2013-2017

 

2013

2014

2015

2016

2017

P10

207 000

213 000

219 000

219 000

224 000

P20

250 000

258 000

263 000

266 000

274 000

P30

281 000

289 000

297 000

302 000

311 000

P40

307 000

318 000

326 000

332 000

342 000

P50

333 000

345 000

354 000

361 000

372 000

P60

360 000

374 000

384 000

391 000

403 000

P70

392 000

407 000

421 000

427 000

440 000

P80

434 000

451 000

468 000

475 000

489 000

P90

500 000

525 000

546 000

554 000

571 000

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

 

Med hilsen
Siv Jensen