Historisk arkiv

Svar på spm. 1465 fra stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Gjennomsnittleg skattelette for familier

Eg viser til brev av 2. mai frå Stortingets presidentskap vedlagt følgjande spørsmål fra stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal:

«I ein faktasjekk om skattekutt publisert 26. april på Faktisk.no, viser redaksjonen til bakgrunnstal frå Finansdepartementet om gjennomsnittleg skattelette for familiar. Er kutta i skattefrådrag (pendling, fagforeining, kost/losji, sluttvederlag) med i dette reknestykket, viss ikkje, korleis ville reknestykket blitt, og sit statsråden med informasjon om korleis avgiftsauken på 6.6 milliardar kroner under regjeringa påverkar norske barnefamiliar?»

Ein vanleg familie med to vaksne som begge har ei årsløn tilsvarande medianløna for lønnstakarar som jobbar fulltid, vil med skattereglane for 2018 betale om lag 10 000 kroner mindre i skatt per år enn med skattereglane før regjeringsskiftet. Desse berekningane er for eit eksempelhushald. Skattereglane for 2018 er samanlikna med framskrivne 2013-regler. Berekningane ser på endringar i skatt på alminnelig inntekt, trygdeavgift og trinnskatt, og tek med effektane av endra standard frådrag (minstefrådrag og personfrådrag) i tillegg til foreldrefrådrag og rentefrådrag.

Det er også gjennomført berekningar på SSBs skattemodell LOTTE-Skatt. Også desse berekningane er refererte på Faktisk.no. I denne analysen samanliknar vi skattereglane i 2017 med framskrivne 2013-reglar. Analysen omfattar dei fleste inntekts- og formuesskattendringane i perioden. Eg viser til svar på spørsmål nr. 1333 frå representanten Kaski, der det er opplyst kva endringar i personskatten som ikkje inngår i berekningane fordi dei ikkje inngår i LOTTE-Skatt.

Den fleirårige analysen går ikkje lenger enn til 2017. Skatteendringane i 2018 er dermed ikkje med. I berekninga har vi sett på hushalda med to vaksne og eitt eller fleire barn under 18 år. Median og gjennomsnittleg lågare skatt i perioden 2013-2017 for hushalda i denne gruppa er anslått til høvesvis om lag 9 100 kroner og 11 600 kroner. Medianen er den midtre observasjonen når alle observasjonane er rangert etter størrelse. Medianen vert ofte nytta når ein ynskjer å sjå på det mest vanlege nivået. Medianen er mindre følsam for ekstreme tal i kvar ende av fordelinga enn gjennomsnittet. Fordelinga av både skattelette og inntekt er skeiv i den forstand at gjennomsnittleg skattelette er høgare enn median skattelette. Berekningane er usikre.

Det er også gjennomført berekningar av korleis skatteendringane for 2018 fordeler seg samanlikna med referansesystemet for 2018. Desse anslaga byggjer på LOTTE-Skatt og anslår median og gjennomsnittleg skattelette til høvesvis om lag 600 og 700 kroner.

Av dei konkrete skattefrådraga som representanten nemner, er frådrag for fagforeiningskontingent og endringar i reisefrådraget med i berekningane frå SSB. Innstramminga i meirutgifta for kost og losji og skatten på sluttvederlag inngår ikkje. Det er krevjande å berekne korleis desse påverkar dei samla fordelingsverknadene utan ein modell som knyter skatteendringa til bruttoinntekta til den enkelte. Det har vi altså ikkje. Innstramminga i frådraget for meirutgifter for kost og losji er anslått å auke statens inntekter med nesten 800 mill. kroner påløpt i 2018. Frådraget ble fjerna for dei som bur på hybel med kokemoglegheit, då dei neppe har meirutgifter til matlaging. Skatt på sluttvederlag, som vart innført frå 2016, vart anslått å auke statens inntekter med om lag 60 mill. kroner påløpt.

Lågare selskapsskatt, fjerning av arveavgifta, auka meirverdiavgift og endringar i særavgiftene inngår heller ikkje i analysen. For direkte skattar på personar har Statistisk sentralbyrå etablert eit godt modellapparat (LOTTE-Skatt) for å anslå fordelingseffektar mellom anna på inntektsintervall for personar av endringar i personskatten, baserte på statistikk over inntekter og formue. Avgifter er indirekte skattar som til forskjell frå direkte skattar normalt ikkje vert lagt direkte på forbrukaren, men indirekte via avgiftspliktige produsentar og importørar. I kor stor grad avgiftsendringar vert velta over i prisane til forbrukarane avheng mellom anna av tilbod og etterspørsel etter varene og tenestene som vert omfatta av avgifta. Det finst ikkje informasjon som viser om avgiftene blir belasta privatpersonar eller næringsdrivande eller korleis avgiftsinnbetalinga deler seg på ulike bransjar, inntekts-/ formuesintervall eller familietype. Dette inneber at det vil vere særs usikkert både kor stor del av ei avgiftsendring som treffer norske privatpersonar i form av endra prisar på varer/tenester som blir omfatta av avgiftsendringar, og korleis endringa treffer barnefamiliar.

 

Med hilsen
Siv Jensen