Historisk arkiv

Svar på spm. 1537 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Flypassasjeravgifta

Eg viser til brev av 2. september 2016 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad:

«Kor mykje er innbetalt i flypassasjeravgift (flyseteavgift) til no og korleis fordeler dette seg på ulike selskap?

Grunngjeving:
Det er kome signal om at systemet kring flypassasjeravgifta er lite kjent i bransjen. Det er ei stor mengd selskap som flyg i og frå Noreg og for å sikre likeverdig konkurranse er det viktig at ein har eit effektivt system for innkrevjinga. Mykje kan tyde på at så ikkje er tilfelle no og at ein dermed ikkje har konkurranse på like vilkår.»

Svar:
Det er rapportert inn og fastsett 290,2 mill. kroner i flypassasjeravgift per 5. september 2016. Dette fordeler seg med 162,5 mill. kroner for termin 6 (juni) og 127,7 mill.  kroner for termin 7 (juli). Det er forventa at avgifta for termin 6 vil auke med om lag 1,5 mill. kroner og for termin 7 med om lag 20 mill. kroner. Dette som følgje av at nokre verksemder har vært seine med å rapportere, samt at enkelte oppgåver er tatt ut til kontroll. Samla er innbetalingane for dei to terminane om lag i tråd med det som er forventa.

Per 5. september var det 43 registrerte avgiftspliktige. Enkelte av desse registrerte avgiftspliktige er representant for (ei eller fleire) utanlandsk(e) verksemd(er) som utfører flygingar frå norsk lufthamn.

Flypassasjeravgifta er som alle andre særavgifter ei deklareringsavgift, dvs. at dei avgiftspliktige sjølve og uoppmoda skal berekne og betale rett avgift. Ved den fyrste fristen for rapportering blei Skatteetaten kontakta av flyselskap som ønskte avklaringar om regelverket og svar på praktiske spørsmål ved rapporteringa. Det var ikkje fleire spørsmål enn det som kan forventast med ei ny avgift. Skatteetaten er i ferd med å kontakte flyselskap som ikkje er registrert.

 
Med helsing
Siv Jensen