Historisk arkiv

Svar på spm. 1596 fra stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Om gjennomsnittlig skattesats og skatt på inntekt og hva er knekkpunktet der gjennomsnittsskatten med vanlig skatteordning typisk passerer 25 prosent

Eg viser til brev av 15. mai frå Stortingets presidentskap vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik.

«Regjeringa føreslår i RNB å innføre ei eiga skatteordning for utanlandske arbeidstakarar som tener opptil 598 050 kr. Desse kan få ein flat skattesats på 25 prosent. Kva er gjennomsnittleg skattesats og gjennomsnittleg skatt på inntekter på høvesvis 100 000, 200 000, 300 000, 400 000, 500 000 og 598 050 kroner med vanleg skatteordning og kvar er knekkpunktet der gjennomsnittsskatten med vanleg skatteordning typisk passerer 25 prosent?

Begrunnelse:
Regjeringa ynskjer å  gje utanlandske arbeidstakarar høve til å velje ein enklare og i mange tilfelle gunstigare skattemodell enn norske arbeidstakarar. Ordninga er venta å gje eit provenytap på 50 mill. kroner. Dette overslaget frå departementet føreset at berre 20 - 25 prosent av dei som vert omfatta av ordninga, faktisk vil velje å bruke den. Det er grunn til å tru at ordninga difor vil ha ganske ulik verknad for dei som vert omfatta, der nokon får høve til betydelege skatteletter medan andre ikkje vil kome betre ut enn i dag. Forslaget går i korte trekk ut på at lønsinntekter vert skattlagt etter ein bruttometode med ein fast sats på 25 prosent. Skattytar får ingen frådrag i skattegrunnlaget. Skatten vert fastsett fortlaupande ved arbeidsgivar sitt trekk og melding til Skatteetaten. Skattytar skal ikkje levere skattemelding for inntekter som vert skattlagt i ordninga.»

Svar:
Eg viser til omtala i Prop. 86 LS (2017-2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga. Den nye skatteordninga for utanlandske arbeidstakarar på kortvarig opphald vil vere vesentleg enklare for dei som inngår, og vil gje riktigare skatt etter reglane. Skattlegginga av denne gruppa gjev i dag opphav til mange feil og er samstundes svært ressurskrevjande. Den nye ordninga, saman med å fjerne det særskilte standardfrådraget, vert anslått å gje eit påløpt provenytap på om lag 50 mill. kroner. Berekningane er usikre. Berekningane tek utgangspunkt i tal for utanlandske arbeidstakarar på mellombels opphald i Noreg i 2016. Det er i tillegg tatt omsyn til endringar etter 2016, som mellom anna innstramminga i frådrag for pendlarar. Skattedirektoratet anslår at den nye ordninga kan frigje ressursar tilsvarande 10-20 årsverk årleg. Slike ressursar kan ein til dømes nytte til å betre skattlegginga av dei som vert skattlagt etter ordinære reglar.

Tabellen nedanfor viser fordelinga av gjennomsnittleg skatt for arbeidstakarar på mellombels opphald i Noreg i 2016.

 Tabell 1 Gjennomsnittleg skatt som del av bruttolønn for utanlandske arbeidstakarar på mellombels opphald i 2016

Bruttoinntekt

Talet på skattytarar

Gjennomsnittleg skatt i   2016. Prosent

0 - 50 000 kr

52 500

4,6

50 000 - 100 000 kr

24 900

12,7

100 000 - 200 000 kr

30 700

16,4

200 000 - 300 000 kr

21 400

18,6

300 000 - 400 000 kr

17 100

21,2

400 000 - 500 000 kr

10 100

23,6

500 000 – 565 400   kr1

3 600

25,4

565 400 og over

6 900

31,8

I alt

167 200

21,6

1) 565 400 kroner var innslagspunktet for trinnskatt trinn 3 i 2016.
Kjelder: Finansdepartementet og Skattedirektoratet.  

 

 

I 2016 hadde personane i utvalet med om lag 25 pst. skatt ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på om lag 367 600 kroner. Men det vil vere både bruttoinntekta og frådraga som bestemmer kor vidt det er lønnsamt for den enkelte å velje kjeldeskatt eller ikkje.

 

Med helsing
Siv Jensen